Aktuelt og kunngjeringar

Hald deg oppdatert om stengde vegar og ferje

Bømlo er ein øykommune, og me må derfor pårekna at kommunen vert heilt eller delvis isolert i ein periode, grunna veret eller andre årsaker.

Treff godt med "bruktbutikk"

- "Butikken" som mange frivillige driv i regi av Bømlo Frivilligsentral i gamle BUS er eit flott og viktig tilbod, meiner ordførar Morten Helland.

Vekst trass svake fødselstal

Bømlo kommune har framleis vekst i folketalet, men svake fødselstal. Me er no 12301 bømlingar, ein auke på 33 personar hittil i år. Kvinnherad har hatt størst folketalsvekst i Sunnhordland med 56 nye innbyggjarar hittil i år.

Søk om å bli årets idrettslag

Idrettslag i fylket kan no søkje om å bli årets idrettslag i Vestland. Dei to prisvinnarane får 50 000 kr kvar. Eitt og same idrettslag kan søkje på begge prisane, dersom dei kvalifiserer i begge kategoriane. Fristen for å søkje er 15. september.

Bømlapride markerte mangfald og fellesskap

Full klaff for det første Bømlapride-arrangementet som fann stad ved kulturhuset og vart avslutta med eit fargerikt tog gjennom Svortland sentrum laurdag 17. august

Glade for etterlengta trafikksikring

- Langt fleire syklar til skulestart på Meling denne hausten enn i fjor grunna at den nye fotgjengarovergangen ved krysset Stavlandsvegen og Stavlandsneset endeleg kom på plass. Dette har me jobba og venta på lenge, og me føler oss langt tryggare på vegne av borna no.

Spente ungdomar 1. skuledag

- I dag kjenner nok mange av dykk på det å vere ny ein plass. Sei hei og hjelp kvarandre med å finna dykkar plass. Her er det mange vaksne til å hjelpa og støtta dykk. Gratulera med 1. skuledag og lukke til.

Søk på aktivitets- og spelemidlar

Fristen for å søkja spelemidlar for 2025 er 15. september og for aktivitetsmidlar er den 1. oktober i år.

Bakgrunn for endringar i institusjonsplassar og heimetenester

Saka om institusjonsplassar og heimetenester er omfattande og kompleks. Kommunedirektør og kommunalsjef helse, sosial og omsorg syner her viktige føringar og bakgrunnen for dei tilrådingar som er gjort til politiske organ. I forkant og etterkant har det i lokalavisa og sosiale media kome mange innspel og spørsmål i saka og her vert det gitt tilbakemelding på fleire av desse. 

Europeisk ungdom lærer om falske nyhende

Moster 2024 og organisasjonen Youth Empowerment (YE) i Thessaloniki, Hellas, arrangerer frå 05.-13.08 eit utvekslingsprogram som er finansiert av Erasmus+ Ungdom. 50 personar frå Noreg, Hellas, Litauen, Polen, Italia, Armenia, Serbia og Kroatia er samla på eit ungdomsherberge i Thessaloniki for å jobbe med temaet falske nyheiter under mottoet «Break the fake vol. 2».

Til toppen