Brustenging i kveld/natt

Bømlabrua vert stengd i kveld/natt fredag 25. oktober frå klokka 22.00 til ca. 02.00 med inntil 1 time om gangen. Det vil bli to stenginger med start kl. 22.00. Når stenging nr. 2 vert er usikkert, men operatøren reknar med å vere ferdig til kl. 02.00.

Bømlapride markerte mangfald og fellesskap

Full klaff for det første Bømlapride-arrangementet som fann stad ved kulturhuset og vart avslutta med eit fargerikt tog gjennom Svortland sentrum laurdag 17. august

mann med gitar føre prideflagg og ballongar - Klikk for stort bileteKonferansier HeineTotland losa trygt i hamn det første Bømlapride 2024. Simon Knutsson Sortland

Artisten Heine Totland var konferansier for dagen og introduserte ordførar Morten Helland til å opna det aller første Bømlapride som samla ein stad mellom 300 og 400 store og små deltakarar.

- Møt kvarandre med respekt

- Å møte kvar enkelt med respekt, og vera lyttande til korleis dei lever, og ser på livet, er svært viktig. Spesielt med ungdommar, som er i ein fase der dei skal finne, og så bli trygg i, sin identitet. Det er og viktig å ikkje tillegge heile grupper haldningar eller som enkeltmennesker innanfor desse kan ha. Takk til dykk som arrangerer her i dag, og for kvar enkelt som møtte opp. De viser solidaritet mot alt hat og urett, alltid og overalt, sa ordføraren mellom anna i si helsing. 

Han kunne skue utover parkeringsplassen ved kulturhset der flagg, ballongar og andlet var pryda med regnbogens fargar. Fleire politiske parti, lag og organisasjonar var representerte blant dei som deltok på det første Bømlapride.  Konferansier Heine Totland fekk på sitt humoristiske og fengande vis publikum med seg på notane. Her var musikalske og andre innslag ved Bømlo Kormix og Bømlo Teater. Her var apellar frå Amnesty vest, Bømlo teater, Human-Etisk forbund og Utdanningsforbundet Bømlo.

Arrangementsleiar Leif Christian Mæland Andersen fekk ordet og takka initiativtakaren Maria Azar frå Amnesty Bømlo. Han meinte at utan hennar visjon og initiativ for å samla flest mogleg lag or organisasjonar til å gå saman om å feira det første Bømlapride så ville dette ikkje ha blitt noko av. Dei frammøtte kvitterte med ein lang og god applaus. Arrangementet vart avslutta med eit tog frå kulturhuset, ned til gamle BUS og rundt holmen og tilbake til kulturhuset.

Ordføraren har nok rett i at Bømlo så definitivt er klar for å feira mangfald, og også kunne vise at det er vår styrke og vår framtid.

Til toppen