Spente ungdomar 1. skuledag

- I dag kjenner nok mange av dykk på det å vere ny ein plass. Sei hei og hjelp kvarandre med å finna dykkar plass. Her er det mange vaksne til å hjelpa og støtta dykk. Gratulera med 1. skuledag og lukke til.

lærar står saman med elevgruppe som sit  - Klikk for stort bileteKontaktlærar Marit Nesse i 8B saman med elevane Eksan Rezouie frå Rubbestadneset skule, Adrian Bjørkheim, Camila Egeland og Laksahna Vigneswaran frå Svortland og Meling-elevane Sara Rolfsnes-Flock og Emma Herheim. Simon Knutsson Sortland

Slik helsa ordførar Morten Helland dei ferske 8.-klassingane ved Bremnes ungdomsskule på deira første skuledag torsdag. Vår nye kommunalsjef for oppvekst, kultur og idrett var også tilbake på gamle trakter. Torunn Laurhammer var elev på gamle BUS. Ho trivdest så godt at ho kom tilbake som lærar, og avslutta som avdelingsleiar ved nye BUS. Ho hadde ogå ei helsing til dei 118 nye 8. klassingane.

-  Eg er veit de kjem til ein god og flott skule, og er trygg på at de vert godt mottekne. Hugs å ver greie mot kvarandre så er eg viss på at de vil lære mykje og få ei fin tid, helsa Laurhammer.

Rektor Christin Klubben var glad for at BUS fekk besøk av ordførar og kommunalsjef på opningsdagen for 378 elevar ved Bremnes ungdomsskule. Ho minna alle på at ved BUS skal alle kjenna at dei høyrer til og at det er bruk for dei.

Kjekt å bli kjent med nye folk

Etter velkomsten i amfiet er elevane tilbake i klasseromma. I 8B er elevane i full gang med å bli kjent med sine nye klassekameratar. Camila Egeland, Adrian Bjørkheim og Laksahna Vigneswaran frå Svortland skule møter Meling-elevane Sara Rolfsnes Flock og Emma Herheim og Eksan Rezouie frå Rubbestadneset skule. Dei synest det er veldig rart men og spennande å byrja på ny skule og ein ny klasse.  

- Ja, det er rart men me gler oss til å bli kjend med nye folk, understrekar Sara og Emma.

- Jo eg forventar at dette skal gå bra. Eg ser mest fram til friluftslivsfaget, seier Adrian.

lærar og elevar i undervisningssituasjon - Klikk for stort bileteSabrina Postoiuk og Roman Batura (t.h) frå Ukraina saman med Yahya Haj frå Syria går i innførinngsklassen der kontaktlærar Siri Louise Rydningen og assistent Maria Azar underviser. Simon Knutsson Sortland

- Elevane har gjort eit bra førsteinntrykk. Her er ei god blanding av personlegdomar og interesser, så det vert spennande å følgja dei og utviklinga framover, seier kontaktlærar Marit Nesse. Brita Servan er den andre kontaktlæraren for klassen.

Spente elevar

I årets innføringsklasse finn me 9. klassingen Sabrina Postoiuk og 8. klassingen Roman Batura frå Ukraina som begge er tildelt Bømlo som bustadskommune. Det vonar også medelev Yahya Haj (8. klasse) frå Syria at han får. Kontaktlærar Siri Louise Rydningen og assistent Maria Azar er flittige med Google translate for å overkome språkbarrieren. Elevane er tydelegvis spente og forventningsfulle til det nye skuleåret.

- Skulen her er svært annleis skulen i Saudi-Arabia. Til dømes har me ikkje praktisk estetiske fag som kunst og handverk, musikk, mat og helse eller gym og basseng, eg gler meg til det. Og så synest eg skulane her er reine og fine, det er kjekt, meiner Yahya.

bilete med tekst - Klikk for stort bileteViktig bodskap for alle på BUS. Simon Knutsson Sortland

- I Ukraina gjekk eg på ein skule som hadde mykje fokus på teoretiske fag, det trur eg er den største skilnaden frå norsk skule. Ofte vel ein skuleløp med fokusfag tidleg. Det var ikkje matlaging eller symjing på min skule, det synest eg er kjekt her. Eller i alle fall å lage mat er kjekt, seier Sabrina.

- Grunna covid og krigen i Ukraina så gjekk eg glipp av mange år med skule, så eg gler meg til å gå på skule her., fortel Roman.

 Alle tre ser fram til å læra norsk og bli kjend med nye folk, og få seg venner.

134 nye førsteklassingar

Torsdag tok grunnskulane våre imot 134 spente førsteklassingar. Dei fordelar seg slik på skulane:

Foldrøy – 7
Gilje – 6
Hillestveit – 3
Meling – 25
Moster – 29
Rubbestadneset – 26
Svortland – 27
Våge – 11

Totalt er det ca. 1600 elevar i grunnskulane på Bømlo er i 2024/2025.

mann og dame med mange folk i bakgrunne - Klikk for stort bileteOrdførar Morten Helland og vår nye kommunalsjef for oppvekst, kultur og idrett Torunn Laurhammer helsa dei ferske 8.-klassingane ved Bremnes ungdomsskule velkomen på deira første skuledag torsdag. Simon Knutsson Sortland
Til toppen