Aktuelt og kunngjeringar

Kommuneplanarbeidet oppe i formannskapet

-  Kommunen står i store omstillingsprosessar og me må få fortgang i kommuneplanarbeidet, sa ein tydeleg ordførar Morten Helland.

Populær trubadur på BBH

Tore Halvorsen, tidlegare vokalist i Ole Ivars, var ein populær mann som underheldt eit fullsett Bømlo bu og helsesenter onsdag.

Jubileumstakk frå ordføraren

- Kronprinsparet ba meg særskilt å takka alle som har bidrege til at dette vart ei så flotte helg og at dei fekk ein fantastisk dag på Moster. Det dei spesielt la merke til var at her er eit enormt frivillig arbeid og dugnadsinnsats som vert lagt ned, seier ein sliten men nøgd ordførar Morten Helland.

Flott opning med Elden melder og verdiar

Festførestellinga Elden Melder i regi av Bømlo kulturskule med samarbeidspartnarar og den første verdisamtalen i Verditeltet sørga for ei flott opning av Jubileumsveka Moster 2024.

Folkeveksten held fram

Me tel no 12.287 bømlingar, ein auke på 19 personar frå siste kvartal i fjor. 

Forbod mot hagevatning

Minnar om forbod mot hagevatning og bruk av svetteslanger for alle abonnentar som er tilknyta offentleg vassforsyning i Bømlo kommune. Kvar abonnent kan kun bruka 1 stk. hageslange (ikkje spreiar) for vatning av blomsterbed på tidleg morgen og sein kveld.

Formannskapet fekk orienteringar om helse og kultur

Formannskapet fekk i føremiddag orienteringar om digitalisering, endringsbehova i helse og omsorgssektoren og arbeidet med kommunedelplan for kultur, idrett og frivilligheit. 

Stenger venterommet ved bussterminalen

Venterommet ved Esso Bremnes og bussentralen Svortland vert no permanent stengt.

- Må styrka dagtilbod og heimetenestene

- Denne saka har ikkje oppstått akutt, men er blitt jobba godt med sidan me i fjor vår vedtok Handlingsplan for Helse, sosial og omsorg 2023-2024. Det sa leiar Jørgen Søvold (H) i hovudutval for levekår før fleirtalet på 7 mot 2 røysta for kommunedirektøren sitt framlegg i saka om sjukeheimstilbod og heimetenester. 

Søkja redusert foreldrebetaling i barnehage

Dersom du har låg inntekt kan du søkja om redusert foreldrebetaling i barnehagen for året 2024 - 2025. 

Til toppen