Populær trubadur på BBH

Tore Halvorsen, tidlegare vokalist i Ole Ivars, var ein populær mann som underheldt eit fullsett Bømlo bu og helsesenter onsdag.

- Dette betyr mykje for veldig mange. Kjempebra, seier ein nøgd verksemdsleiar Monica Smedsrud etter konserten med dansebandkjendisen.

Ho introduserte Halvorsen som starta med sin versjon av Elvis-slagaren Are you lonesome tonight. Slik satte han stemninga før han på lett og ledig vis fekk publikum til både å syngja og klappa med på Alle har sin eigen stjerne, Leende guldbruna øgon og andre svisker frå repertoaret sitt. Dei fleste sang og klappa med på avslutningsnummeret og refrenget “Jag trodde at englane fanst bare i himmelen”.

Til toppen