Søkja redusert foreldrebetaling i barnehage

Dersom du har låg inntekt kan du søkja om redusert foreldrebetaling i barnehagen for året 2024 - 2025. 

Kommunen handsamar søknader heile året. Søknaden vil gjelda frå den 1. i påfølgjande månad, etter at du har søkt. For å få reduksjonen på rekninga for august bør du søkje før 15. juni. Kommunen innhentar opplysningar om inntekta di frå Skatteetaten, så du treng ikkje leggja ved dokumentasjon på inntekt med mindre det er vesentlege endringar frå siste skattemelding. 

Meir informasjon om ordningane, rettleiing til korleis du søkjer og søknadskjema, finn du her

Til toppen