- Må styrka dagtilbod og heimetenestene

- Denne saka har ikkje oppstått akutt, men er blitt jobba godt med sidan me i fjor vår vedtok Handlingsplan for Helse, sosial og omsorg 2023-2024. Det sa leiar Jørgen Søvold (H) i hovudutval for levekår før fleirtalet på 7 mot 2 røysta for kommunedirektøren sitt framlegg i saka om sjukeheimstilbod og heimetenester. 

Fleirtalet meiner det handlar om økonomisk berekraft der politikarane sjølv kan gjere endringar. Hamnar Bømlo kommune på ROBEK-lista mistar ein det lokale handlingsrommet. Kommunen sin økonomiske situasjon tilseier at endringar må gjerast no for å ha levedyktige og gode helsetenester framover. Difor vert det viktig framover å samla fagmiljø og kompetanse for å sikra ei god rekruttering. Fleirtalet understreka også at det  er viktig å  styrka dagtilbod og heimetenestene.

Mindretalet var uroleg for at ein ikkje ville nå dei uttalte innsparingsmåla, og at nedlegging av sjukeheimsplassar på Søre Bømlo omsorgstun var feil plass å ta innsparingar.  

- Administrasjonen har fått nokre fleire spørsmål å svara ut, men eg meiner kommunestyret vil ha eit godt grunnlag for å gjere gode vedtak i desse sakene 17. juni, sa utvalsleiar Søvold.

Søvold rosa administrasjonen og arbeidsgruppene som også har jobba godt med sakene om habiliteringstenesta i framtida og tilbod til personar med demens og deira pårørande. Utvalet var samrøystes i si tilråding til kommunestyret i tråd med kommunedirektøren sitt framlegg i desse to sakene.  

To nye legar

Kommunalsjefane Bjørn Håvard Bjørklund og Kjell Magnar Mellesdal hadde fleire positive nyhende å dela med utval for levekår.  To legar frå Danmark har takka ja til legestilling i Bømlo kommune og startar i juni. Tilsetjinga er for eitt år grunna reglar om mellombels godkjenning eitt år for danske legar under spesialisering.  Samstundes er det slik at 2-3 av våre legar har meldt at dei vil slutte av med pensjon utover hausten/til nyttår.

Barne- og familietenesta har fått tilskot frå Helsedirektoratet på 500.000 kroner til utvikling av tilbod knytt til avlastning og møteplass i Sansehuset (3. etasje i gamle BBR). Bømlo vaksenopplæring (BVO) har fått tilskot på 850.000 kroner til sin prosjektsøknad om rekning og eksperimentering på arbeidsplass og i klasserommet. I tillegg har IMDi invitert BVO til å delta i eit pilotprosjekt retta mot innvandrarar med låge norskdugleikar og lite formell kompetanse. 

Post 1 Nord ved Bømlo bu- og helsesenter er tatt opp i KS TØRN prosjekt saman med 13 andre kommunar i Vestland. Prosjektet har tre hovudfokusområder: Fordeling av oppgåver, organisering av arbeidstid og kompetanseheving. 

Nytt inntektssystem

Det er gode nyhende i revidert nasjonalbudsjett (RNB) og i framlegget til nytt inntektssystem. Bømlo kommune ser ut til å få 27,7 millionar samla i auka inntekter første heile år. Det er viktig å understreke at om lag 16 av desse millionane allereie ligg som forventa auka inntekt i økonomiplanen. Meirinntekta ut over det som ligg i økonomiplanen er derfor drøye 11 mill. Dette er svært gledeleg. 

Samstundes er det viktig å understreke at dette ikkje endrar behovet for den massive omstillinga me jobbar med. Drifta er framleis ikkje berekraftig slik ho er i dag, og økonomiplanen fordrar at kommunen driv i balanse i 2024 og ikkje dreg med seg underskot frå tidlegare år. Prognosen for resten av 2024 tilseier underskot også i år. Det er verdt å merka seg at det er ingen drahjelp i RNB. Veksten i inntekter i 2025 er knytt til nytt inntektssystem.

Til toppen