Flott opning med Elden melder og verdiar

Festførestellinga Elden Melder i regi av Bømlo kulturskule med samarbeidspartnarar og den første verdisamtalen i Verditeltet sørga for ei flott opning av Jubileumsveka Moster 2024.

dansetrupp på steingolv i uteamfi - Klikk for stort bileteImponerande dans i avslutninga av Elden melder i Moster amfi. Simon Knutsson Sortland

- De er dei ekte heltane som har stått på og førebudd og øvd på alt det me som publikum skal få oppleva, både denne fantastiske førestellinga og resten av arrangementet under jubileumsveka, sa ordførar Morten i sin takketale etter den flotte festframsyninga av Elden melder.

Urpremiere

Bømlo kulturskule inviterte oss til ei festførestelling saman med elevar frå kulturskular i heile Sunnhordland, og tidlegare kulturskuleelevar. Aldri har det vore så mange kulturskuleelevar på utescena til Moster Amfi før, og desse fekk æra av å opne det offisielle jubileumsprogrammet. Framsyninga famna innslag av musikk, dans og teater, samt ei urframføring på bestillingsverket «Elle melle».‍ «Elle Melle» er for kor og orkester komponert av Webjørn Sæther og skriven av Mike McGurk og Solfrid Sivertsen.

Publikum fekk servert kva ungdomen legg i ulike veridar som rettferd og likeverd, både seriøst og med muntre innslag. Dansarane batt det heile saman før The Jokers fekk publikum til å rocka med sin fengande musikk. Elle Melle vart så framført i flott samspel mellom amatørar og profesjonelle til stor begeistring for publikum.

Verdiar i lokaldemokratiet

Moster 2024 er eit lovjubileum, og fokus på verdiar står sentralt med heile tretten ulike verdisamtalar i Verditeltet. Først ut var seminaret  «Verdiar i lokaldemokratiet». Målet var å identifisere aktuelle utfordringar i lokaldemokratiet og peika på verdiar som kan hjelpa oss til å ta vare på og vidareutvikla lokaldemokratiet vårt. 

Under kyndig og ledig leiing frå moderatorane Svein Arne Theodorsen (eller “Sunnhordlandsbispen”) og Jane Jünger fekk tidlegare ordførar i Kristiansand Jan Oddvar Skisland, statsvitar  Anne Lise Fimreite, ordførar Mette Heidi Bergsvåg i Etne og fylkesordførar Jon Askeland kome med sine tankar om historien og vårt politiske styresett, og det å stå i stormen som lokalpolitikar i dagens mediebilete.

Verdi- og fagsamtalar

mann taler føre publikum og eit panel - Klikk for stort bileteOrdførar Morten Helland tok ordet under den første verdisamtalen om lokaldemokrati i Verditeltet. Simon Knutsson Sortland

Ordførar Morten Helland i Bømlo undra seg på om det var eit alternativ til den politiske hestehandelen mellom valresultat og konstitueringa av kommunestyret. Korleis kan me betre få folk til å forstå politikarane sine ulike rollar i ulike samanhengar var spørsmål frå Stord-ordførar Sigbjørn Framnes. Kommunedirektøren i Stord, Tommy Johansen, tok til orde for korleis me betre kan invitere inn folk med ulike meiningar i politikken. 

Biskop Ragnhild Jepsen i Bjørgvin ynskte seg eit mindre konfliktorientert debattklima i media. Hovudkomitemedlem i Moster 2024 og kommunalsjef Bjørn Håvard Bjørklund i Bømlo var oppteken av dei unge sin medverknad og korleis få dei engasjert og høyrt. Tysnes ungdomsråd var godt representert i salen, noko fleire peika på som særs positivt. 

Området kring amfiet og gamlekyrkja med det store verditeltet, Vetahaugen og Olavskjelda er skikkeleg flott og er innbydande både for lokalbefolkninga og tilreisande. Alt i alt ei verdig opning av jubileumsveka som er fullspekka av arrangement.

Program for Jubileumsveka Moster 2024

Til toppen