Kommuneplanarbeidet oppe i formannskapet

-  Kommunen står i store omstillingsprosessar og me må få fortgang i kommuneplanarbeidet, sa ein tydeleg ordførar Morten Helland.

Formannskapet som styringsgruppe for kommunedelplanarbeidet er utvida med leiar Christer Agasøster og nestleiar Karsten Fylkesnes i hovudutval for areal og samferdsel. Samfunnsplanleggjar Alf Helge Greaker orienterte om prosessen og ny planstrategi. Her kom det fram at endeleg planframlegg til kommuneplanen sin arealdel  (KPA) skal vere klar i februar 2025. Rådgjevar Renate Torkelsen på plan orienterte konkret om KPA der ein har fått inn 430 merknadar.

Ordføraren fekk medhald i at dei etter neste møte i styringsgruppemøte/formannskap der alle innspel er lista opp skal dei vurdere om ei ad hoc gruppa skal setjast ned med representantar frå fleire parti.

Statsforvaltaren har levert inn sine merknadar til KPA på 29 sider etter samordna uttale med referat frå dialogmøte – Bømlo, kommuneplan - arealdel 2024 - 2036. Statsforvaltaren får utsett medverknad til revidert planforslag og ny høyring. 

Føre budsjett på skatt

-  Me ligg ein millionar kroner føre budsjett når det gjeld skatteinngang, sa kommunedirektør Kjetil Aga Gjøsæter i ei kort orientering til formannskapet. Han la fram nokre oppjusterte tal frå sist orientering 16. mai og kunne opplyse om interesse for gamle brannstasjonen og kaiar kommunen har ute for sal. Han orienterte frå møte i Bømlo kyrkjeleg fellesråd der det vart opplyst at oppussing av Bremnes kyrkje mobilisterte 100 personartil 1000 dugnadstimar.

Gjøsæter trakk fram den enorme innsatsen, ikkje minst frå frivillige, som gjorde sitt til at Moster skinte om kapp med sola i jubileumsveka. Han understreka det ligg mykje att med opprusta Vetahaugen, Moster amfi og kaiområdet. No er det viktig å bygga vidare på dei nettverka og verdisamtalane som starta under jubileet. Det vart også trekt fram at no må det jobbast for at Moster amfi kjem inn på statsbudsjettet på linje med Stiklestad-spelet.

Til toppen