Jubileumstakk frå ordføraren

- Kronprinsparet ba meg særskilt å takka alle som har bidrege til at dette vart ei så flotte helg og at dei fekk ein fantastisk dag på Moster. Det dei spesielt la merke til var at her er eit enormt frivillig arbeid og dugnadsinnsats som vert lagt ned, seier ein sliten men nøgd ordførar Morten Helland.

kongelige på brygge - Klikk for stort bileteKronprins Haakon og kronprinsesse Mette-Marit skinte om kapp med sola på Moster 2024. Simon Knutsson Sortland

No er kronsprinsparet, statsminister, stortingspresident, sametingspresident, erkebiskopen av York, regjeringsmedlemer, stortingsrepresentantar og biskopar reist saman med alle notabilitetane frå Kristen-Norge. Sola har også reist, men den kjem sikkert tilbake før neste jubileum i 2124. Bømlo kommune tok vertskapsrolla på strak arm og med eit enormt apparat av friviljuge leia av dyktige organisasjonar leverte me ei riksjubileumsveka det står respekt av.  

beredskapspersonell slappar av i sola - Klikk for stort bileteBømlo brann og redning, Bømlo Røde Kors Hjelpekorps, ambulanse og politi tek ein velfortent pause under jubileumshelgaa. Simon Knutsson Sortland

Me har feira lovjubileumet Kristenretten 1000 år - å feira fortid og forma framtid - med glans. Her er mange som skal takkast, men heilt sentrale i gjennomføringa var sjølvsagt Moster2024, Moster amfi og Bømlo Teater. Det har vore 18 verdisamtalar, Mostrating for unge, urpremierer på bestillingsverk også frå eigne lokale krefter. Vårt kor-, musikk- og kulturliv har skint om kapp med sola desse dagane. Kortreist mat frå lokale leverandørar har metta og tilfredsstilt kresne ganer. 

Moster og Bømlo kommune har fått marknadsføring verdt uhorveleg mykje pengar, og att står ein Instagram-site på nye Vetahaugen, eit fantastisk moderne amfi med nok ein fast utstilling, samt ei nymalt Moster gamle kyrkje som løftar området for både turismen og lokalbefolkinga. Ordførarduoen vår Morten Helland og varaordførar Ragnfrid Sønstabø har hatt hektiske dagar med å representera Bømlo på beste måte og framsnakka oss ovafor makta.

tre born kledd ut som vikingborn - Klikk for stort bileteMoster skule hadde ansvaret for Vikinglandsbyen, her ved Camilla Osk Evensen (t.v), Tomine Seglem Grindheim og Jens Sortland. Simon Knutsson Sortland

Under er teksten til takketalen til ordførar Morten Helland som du kan sjå i denne filmen.

Takk frå ordføraren

Då er me ferdig med ei heilt fantastisk jubileumsfeiring på Moster.
Det har vore ei flotte helg og ei flott veka.
Då er me ferdig med ei heilt fantastisk jubileumsfeiring på Moster.
Det har vore ei flotte helg og ei flott veka.
Kronprinsparet ba meg spesielt å takka alle som har bidrege til at dette vart ei så flotte helg.
Det dei spesielt la merke til var at her er eit enormt frivillig arbeid og dugnadsinnsats som vart lagt ned.
Kronprinsesse Mette-Marit tok kontakt med meg og seier at dette har vore ein heilt fantastisk dag for dei.
Det høyrde eg hoffet og presseansvarleg sa mange gonger at dette overgjekk kanskje det dei hadde sett føre seg.
Difor går det ut ein stor takk till alle som har bidrege først og fremst dei frivillige.
Dette var ein folkefest – det var av folk, for folk og med folk.
Bømlingane viste seg igjen som nokon som kan levera kvalitet av aller høgaste merke anten der er kultur eller logistikk eller anna.
Beredskapen var på plass. Bømlo brann og redning stod for den, Bømlo Røde kors, politiet og mange elles har bidrege på ein fantastisk måte.
Me må takka organisasjonen – ikkje minst Moster 2024 med Elsa Aanensen og hennar team i spissen. 
Moster amfi, Bømlo Teater, alle som har levert mat og alt dette som har skjedd.
Men kanskje ikkje minst alle desse hundrevis av frivillige som anten har førebudd seg, øvd, gjennomført eller har bidrege slik at dette har gått så bra som det har gjort.
Tilbakemeldingane frå gjestene har gjennomgåande vore, - ja dei har vore over seg eigentleg av beigistring over kor flott det har vore.
Så igjen – takk for ei flott helg så ser me fram til tida vidare. 


 

Til toppen