Brustenging i kveld/natt

Bømlabrua vert stengd i kveld/natt fredag 25. oktober frå klokka 22.00 til ca. 02.00 med inntil 1 time om gangen. Det vil bli to stenginger med start kl. 22.00. Når stenging nr. 2 vert er usikkert, men operatøren reknar med å vere ferdig til kl. 02.00.

Treff godt med "bruktbutikk"

- "Butikken" som mange frivillige driv i regi av Bømlo Frivilligsentral i gamle BUS er eit flott og viktig tilbod, meiner ordførar Morten Helland.

tre kvinner og ein mann poserer - Klikk for stort bileteUkrainske Olha Lymarenko med adresse Rubbestadneset slo av ein prat med ordførar Morten Helland, leiar Anne T. Johannessen og friviljug Ingebjørg Westre (t.v) i Bømlo frivilligsentral. Simon Knutsson Sortland

Alt av klær og utstyr er gitt av bømlingar og kjem no til stor hjelp for nyankomne flyktningar. Her var mange innom alt frå butikken opna onsdag ettermiddag. I det store utvalet spreidd over fleire klasserom og i foajeen finn du klede, sko, tepper, sengeklede, babyutstyr og sportsutstyr med meire. 

- Her er gjort ein stor jobb i å henta inn, ordna, sortera og setja fram til bruk for andre som treng det. Tilbodet er også ope for andre som treng ei ekstra handsrekning, understrekar ordførar Morten Helland.

Ukrainske Olha Lymarenko med adresse Rubbestadneset var strålande nøgd med butikken og ordføraren. Ho stilte villig opp til fotografering saman med leiar Anne T. Johannessen i Bømlo Frivilligsentral og friviljug Ingebjørg Westre.

- I tillegg til det som står framme her har me og pakka og organisert naudhjelpsutstyr som snart skal sendast til Ukraina, opplyser Johannessen.

Bømlo frivilligsentral på Facebook

Viktig tilbod

Bømlo kommune skal tilsaman busetja 60 flyktningar i år og har til no teke imot 38 personar. Av desse er to frå Syria og resten frå Ukraina. Ein del av dei som blir fordelt til oss kjem og frå Bømlo mottak i Rubbestadneset, men dette går via IMDi. “Butikken” er for dei som bur på mottaket og busette i kommunen.

- Dei fleste ser ut til å integrera seg bra i bømlosamfunnet, og det verkar som at borna og barnefamiliane har funne seg godt til rette. Dei har fått norske venner og deltar på aktivitetar, opplyser flyktningkonsulent Magny Kjeka Røksund i NAV Bømlo.

Dei som er komne i år har tilbod om introduksjonsprogram eller norskopplæring ved Bømlo vaksenopplæring. Røksund opplyser at det også er blitt busett ein del eldre, både i år og dei siste tre åra, frå Ukraina. Blant desse er det ein del helseutfordringar, og såleis vanskelegare å få til integrering. 

rad med klede i bruktbutikk - Klikk for stort bileteStort utval i bruktbutikken til Bømlo frivilligsentral. Simon Knutsson Sortland
Til toppen