Bakgrunn for endringar i institusjonsplassar og heimetenester

Saka om institusjonsplassar og heimetenester er omfattande og kompleks. Kommunedirektør og kommunalsjef helse, sosial og omsorg syner her viktige føringar og bakgrunnen for dei tilrådingar som er gjort til politiske organ. I forkant og etterkant har det i lokalavisa og sosiale media kome mange innspel og spørsmål i saka og her vert det gitt tilbakemelding på fleire av desse. 

Under er det meir detaljert framstilt planar, prosessar og bakgrunn for dei tilrådingar som er gjort til politiske organ. Saka er omfattande og kompleks. Nedanfor vil me punktvis setje opp element og hovedgrunnar for å gjere dei endringar som det er gjort tilrådingar om og som er vedteke.  

Viktige føringar og mål 

Viktige føringar og mål for arbeide med omstilling innan institusjon og heimetenester og som ligg til grunn for politisk sak har m.a. vore:
 
• Bømlo kommune skal møte ei framtid med vesentleg større rekrutteringsutfordringar og konkurranse om arbeidskrafta. Dette på grunn av den demografiske utviklinga som inneber langt færre i arbeidsdyktig alder.

• Bømlo kommune skal møte ei framtid med stegvis langt fleire eldre og færre yrkesaktive hender.

• Bømlo kommune skal styrka tilbod på utsida av institusjon (t.d.dagtilbod, fleksibleavlastingsordningar, rehabilitering, tidleg innsats) som gjer at brukar kan bu lengst mogleg heime evt. i tilrettelagt bustad.

• Bømlo kommune har nok institusjonsplassar for framtida og kapasitet til å auke opp plassar i tråd med auken i antal eldre framover. Dette utan å byggje nye plassar. Bømlo kommune skal tilby institusjonsplassar til dei som er innvilga dette også i åra som kjem.

• Oppgåvedeling mellom kommunane og spesialisthelsetenesta (sjukehus) har endra seg vesentleg over tid. Dette har og vil medføre vesentlege endringar i dei kommunale tenestetilboda. Me må tilpasse oss til dette.

• Bømlo kommune meinar at heimetenestene skal bli styrka og bli meir berekraftige på både på kort og lengre sikt, gjennom at desse vert samla. Det skal arbeidast for å styrke dagtilboda i lokalsentra, samt å knyte desse opp mot heimetenesta.

• Bømlo kommune skal arbeide for å balansere driftsnivå og økonomi. Det er pr. i dag ein vesentleg ubalanse. Dette kan ikkje rettast gjennom mindre og fragmenterte tiltak. Det må til strukturelle og meir omfattande endringar som gir økonomisk verknad. Også endringar som vil merkast, der dagens forventingar vert utfordra.

• Å oppretthalde god kvalitet, tenestetilbod og forsvarlege tenester til våre innbyggjarar/brukarar skal vere førande i arbeid med tiltak. Målretta planar for utvikling skal leggjast til grunn for endringar.

Under følgjer det ei meir detaljert framstilling av planar,  prosessar og bakgrunn for dei tilrådingar som er gjort til politiske organ. 

Om sjukeheimsplassar og heimetenester i Bømlo kommune

HSO vert nedanfor nyttast som forkorting for Helse, sosial og omsorg. Ein organisasjon på om lag 600 medarbeidarar som yt helse-, sosial- og omsorgstenester primært til innbyggjarar over 18 år. Budsjett for 2024 utgjer 351,03 millionar kroner. 

Kommunestyret i Bømlo kommune handsama og gjorde vedtak 17. juni i sak om sjukeheimstilbod og heimetenester i Bømlo kommune.  I etterkant er det kome ei rekke reaksjonar, spørsmål og lesarinnlegg i ulike media.  Det som særleg har skapt reaksjonar er vedtak om at 8 institusjonsplassar ved Bømlo omsorgstun vert lagt ned, og resterande 4 plassar vert flytta til Bømlo bu og helsesenter (auke i korttidsplassar).  Ein del av vedtaket er også at ein samorganiserer heimetenestene, ved at Bømlo heimetenester som i dag dekker om lag 11.000 innbyggjarar vert slått saman med heimetenestene for dei om lag 1000 innbyggjarane som  høyrer til Langevåg distriktet.

Det er ikkje vanskeleg å forstå at dette skaper reaksjonar. Ein god institusjon, eit godt tilbod til brukarar, eit godt bygg , ikkje minst dyktig personale og arbeidsplassar lokalt. I tillegg til det samfunnsmessige perspektivet i ei bygd med vesentleg satsing på både næring og nærsamfunn.

Når det føreligg ei politisk vedtak, så vil det først og fremst vere rett at politisk nivå svarer ut spørsmål og bekymring som kjem. Det har fleire også gjort. Omfattande saksdokument som er underlag for innstilling til politisk nivå  er utarbeidd og tilgjengeleg for alle.  

Langsiktig arbeid

Likevel ser kommuneadministrasjonen at det no vil vere rett å kommentere ytterlegare ut frå alle spørsmåla som er kome. Intensjonen med denne informasjonen er å gje noko utfyllande kommentarar til tema, samt også melde tilbake på fleire av dei spørsmål og bekymringar som er kome i media, i sosiale media og til kommunen.

Helse, sosial og omsorg (HSO) har i mange år utarbeidd målretta planar for å utvikle gode tenestetilbod. Noko me også langt på veg meinar å ha lykkast godt med over tid, innan dei rammer me har.  Verksemda styrer etter grundig utarbeidde planar, der me også legg til grunn fagleg og nasjonale tilrådingar , for å tilpasse desse til vår kommune. Nedst i denne artikkel er vist til  korleis det har vore arbeida med både planar og kunnskapsgrunnlag for endringar som det er gjort framlegg om. 

Hovudårsaker for å fremja strukturendringar

Innan HSO ( Helse, sosial og omsorg) som i næringsliv elles skjer det over tid vesentlege endringar som ein må forhalde seg til. Blikket må rettast framover, for å sjå endringar som ein forventar vil skje fram i tid. HSO i Bømlo kommune har grundige system som skal fange opp dette ( sjå nede i artikkel om planarbeid). Det viktigaste med planar og system, er at det effektivt vert omforma til tiltak og handlingar.  Langt færre personar i arbeidsdyktig alder og langt fleire eldre i åra framover må bety at me må løyse våre oppgåve på andre måtar – «For å bevare må me endre».  

Endringar og resultat me har vore særleg merksame på i vårt planarbeid siste åra har m.a. vore  :

  • Oppgåvedeling mellom spesialisthelsetenesta ( sjukehus m.m.) og kommunane er vesentleg endra. Pasientar som før var på sjukehus er no i kommunen og brukarar som før var på sjukeheim bur no heime. Medisinsk behandling skjer i langt større grad i kommunen o.s.v.. På mange måtar er kommunane blitt eit «B-sjukehus». Den somatiske tilstanden til brukarar på langtidsplass er blitt meir samansett og kompleks. Dette er ei utvikling vi forventar vil halde fram.
  • Demografiske (befolkningsmessige)  endringar er vesentlege :
    - Det vert langt færre personar i arbeidsdyktig alder framover. Me forventar vesentleg større konkurranse om arbeidskrafta ( gjeld generelt i arbeidslivet).
    - Det vert vesentleg fleire eldre i åra som kjem. I 2023 var det 535 personar over 80 år, i 2028 syner prognose 720 og i 2033 er det venta 977 personar over 80 år.
  • Ein svært krevjande kommuneøkonomi. Bømlo kommune har over tid hatt økonomiske utfordringar. Netto driftsresultat 2023 for kommunen samla var minus 49,7 mill. kr. Etter at kommunen nytta oppsparte fond til dekking av dette, står det likevel att eit negativt resultat på minus 12,2 mill. kr. for inndekking seinare år. HSO hadde eit resultat på minus 25,8 mill. kr. av dei 49,7 mill. kr.  Minustala i HSO ligg i hovudsak på områda institusjonsdrift, habilitering og legeteneste. 
    Omfang av samla minusresultat tilseier at det på ingen måte er tilstrekkeleg med enkle tiltak litt «her og der». Omfang må bety at me vurderar tyngre strukturendringar. HSO har kartlagt tiltak for næraste åra som inneber reduksjonar i kostnader på storleik 10- 11 mill. kr. Tiltak på institusjon er eit av fleire tiltak. Alle seksjonar i Bømlo kommune kartlegg no tiltak for kostnadsreduksjonar. Det er viktig å merke at me forventar ei styrking av økonomi framover i HSO pga endringar i demografi. Men, for at friske midlar som kjem skal kunne nyttast til rette formål, må me skape balanse mellom vår drift og den økonomi som me har pr. i dag.
  • Kort om rehabilitering, førebygging og tidleg innsats
    I HSO har me over år meint og arbeida for ein må styrka førebyggande tenester og tidleg innsats. I praksis betyr dette til dømes at me legg inn meir ressursar for at personar skal kunne bu lengst mogleg heime med god kvalitet, at unge og eldre kan få tidleg psykisk helsehjelp, at personar med hjerneslag skal få tidleg og tett på systematisk opptrening, at ein skal få vegleiing om tiltak/hjelpemiddel som kan nyttast i heimen, fallførebygging for eldre og opptrening (rehabilitering) dersom ein har hatt fall og skade, tiltak for tilrettelegging i bygning og hjelpemiddel i heim, auka aktivitets og dagtilbod, at me kan gjennomføre målretta trening og miljøarbeid for personar med utviklingshemming  og at me skal bidra til  ta å skape arena for sosiale møteplassar. Dette handlar om å oppretthalde helse, verdigheit og vere lengst mogleg «sjef i eige liv». Det handlar også om å ikkje måtte bli institusjonsbebuar før du bør.
  • Samarbeid med deg og dine som lever i samfunnet på Bømlo
    Det har vore stadig auka merksemd på at kommunen på ingen måte kan møte dagens og komande utfordringar utan å styrke vår samhandling med nærmiljø, lokalsamfunn og deg som innbyggjar i kommunen. På fint kallar me dette for samskaping.  Kvar einaste dag vert det lagt ned ein storinnsats frå pårørande, famile, naboar, idrettslag, grendalag, interesseorganisasjonar, næringsliv m.fl.  Me har svært god samhandling med fleire av desse i dag, eit arbeid me vil styrke i åra framover.

Den store utfordringa

Me driv førebyggjande arbeid i dag. Det har over år vore brei semje om at dette må styrkast og på fleire områder.  Dette vil krevje ressursar, kompetanse og økonomi.  Til tross for omfattande innsats for å halde oss innanfor økonomiske rammer, har det årleg enda med minusresultat - siste året større enn nokon gong. Bømlo kommune er ikkje i situasjon der me kan forventa nye og friske midlar til drift i særleg omfang.

Sak om institusjonsplassar og heimetenester er eit strukturelt tiltak både for å vri ressursar mot førebygging/tidleg innsats og for å møte våre økonomiske utfordringar.  Men me skal samstundes ha fokus på å tilby gode institusjonsplassar når ein har behov for det. 

Institusjonsplassar 
Etter vedtak i kommunestyret reduserer Bømlo kommune institusjonsplassar frå 99 til 91 plassar. Bømlo kommune har pr. i dag fleire institusjonsplassar for personar over 80 år enn både landsgjennomsnittet og samanliknbare kommunar. Sjå politisk sak. I berekning er det lagt til grunn faktiske plassar i bruk, som nokre har stilt spørsmål om (ikkje inklusive ledige plassar).
Tilbodet utanfor institusjon vert styrka som del av den politiske sak for å kompensere for bortfall av 8 plassar.  

HSO har tidlegare tatt opp og ned institusjonsplassar ved behov. Viktig å merke at korttidsplassar som det er stort behov for, er styrka med 4 plassar. Det er grunn til å rekna med at nokre av dagens 14 ledige institusjonsplassar ved BBH må takast i bruk stegvis fram mot 2033 i tråd med auken i tal eldre, også på kort sikt om særskilte behov skulle oppstå.

Det er forståeleg og relevant at ein i lesarinnlegg stiller spørsmål med om det er rett å redusere 8 plassar i ei tid det vert fleire eldre framover. Viktig kompenserande tiltak ved slik reduksjon i institusjonsplassar er styrking av tenester utanfor institusjon som fleksible avlastningsløysingar, dagtilbod og tidleg rehabilitering. Dette skal stegvis styrkast. Me registrerer at dei aller fleste ynskjer å bu heime lengst mogleg, i eigen eller tilrettelagt bustad føresett at det er gode og trygge avlastningsordningar. Men som sagt, status og utvikling må følgjast tett. 

Økonomi 
Bømlo kommune har som nemnt og som kjent vesentlege økonomiske utfordringar, og disposisjonsfond er brukt for å redusere minusresultat 2023. Det har over år vore meldt at strukturelle tiltak må til for å møte denne økonomiske utfordringa. Det betyr vurdering av institusjonsplassar og andre tenester i HSO, skulestruktur,  tenestenivå generelt i kommunen og  administrative funksjonar. Fram til no har det ikkje vore grunnlag eller politisk fleirtal for å gjennomføre større strukturelle endringar innan HSO og Oppvekst, idrett og kultur.    

Strukturelle tiltak har oftast konsekvensar og vil merkast for både innbyggjarar og tilsette. Like fullt er vår jobb å sikre at me framleis gir både gode og forsvarlege tenester. Mål med omstillinga skal vere at tenester samla sett både vert styrka og meir berekraftige for å møte tida som kjem.  

Når det gjeld sak om institusjonsplassar og heimetenester så er det vurdert 4 ulike modellar for endring i institusjonsplassar (sjå politisk sak).  Tilrådinga er som kjent å leggje ned dei 12 plassane på Bømlo omsorgstun og flytte 4 av desse til Bømlo bu og helsesenter.

Bømlo omsorgstun har eit totalbudsjett på 21,4 mill. kr. Deler av desse midlane skal nyttast til å vidareføre heimetenestene. I økonomisk berekning framgår at ein reduserar med i sum 13,8 årsverk ved Bømlo omsorgstun (institusjonsdrift), ein reudserar driftskostnadar for 8 plassar, ein reduserar brukarbetaling tilsvarande 8 plassar og ein styrkar korttidsavdelinga med 3,2 årsverk grunna 4 nye korttidsplassar der

Netto innsparing er berekna til om lag 7,8 mill. kr. Av desse midlane skal 2 mill. kr. nyttast til å styrke heimetenester (avlastning, dagtilbod m.v). Resterande midlar (5,8 mill.kr) vil vere bidrag til betring av den økonomiske situasjon i Bømlo kommune. Det er plan for ytterlegare tiltak både i HSO og i kommunen generelt i høve reduksjon av kommunen sitt kostnadsnivå. 

Sjå økonomisk berekning lagt ved politisk sak for detaljert berekning av økonomien, der også merknadar/føresetnadar for berekninga framgår.

Me tenkjer at den «nedtrimming» som no vert iverksett er naudsynt i høve ei framtidig styrking, der me særskilt vil prioritere førebygging og tidleg innsats. Evt. auke i institusjonsplassar ved BBH vil bli vurdert fortløpande i tråd med auke i antal eldre.

Det er stilt spørsmål til korleis me kan hente ut innsparing dersom ikkje personar skal seiast opp. Bømlo kommune er ein organisasjon på om lag 1.100 medarbeidarar. I organisasjonen vil det alltid vere personale som sluttar, vert pensjonist eller har lengre permisjonar.  Ved det vedtak som ligg føre vil det framleis vere både heimetenester og dagtilbod på Langevåg med trong for personale. Personale som ikkje skal ha sitt arbeid på institusjonen ved Langevåg vil ha førerett til anna stilling i kommunen. Det er nærast umogleg å gjennomføre større omstillingsarbeid utan at det får innverknad for personale. Omstilling skal gjerast i tett samarbeid med både den tilsette og tillitsvalde. Gjennomføring av all omplassering til ny stilling/område kan ta noko lengre tid enn iversetjingstidspunkt som etter planen er 01.01.25.

Sjukefråvær  
Fleire lesarinnlegg har peika på at sjukefråværet i Bømlo kommune er høgt. Det stemmer at sjukefråværet er høgt, men ikkje høgare enn det som er gjeldande i andre kommunar. Fråværet er generelt vesentleg lågare i industrien, noko det alltid har vore. Det er gode system for sjukefråværsoppfølging,  og dyktige leiarar som følgjer opp sine medarbeidarar. Kommunen har og skal ha stort fokus på å få redusert sjukefråværet. Dette er også eit av fleire bidrag for å sikra godt arbeidsmiljø og for å få økonomien i balanse. Det er ikkje tilstrekkeleg til å løyse den økonomiske utfordringa (langtidsfråvær vert refundert). 

Om prosess og samhandling 
I ulike lesarinnlegg vert det retta kritikk mot prosess og involvering. Vår oppleving er at det har vore omfattande prosess og involvering. Samarbeid og samhandling med pensjonistforbundet er og har alltid vore godt. Det har vore møter i Eldreråd der tema har vore informert om/drøfta samt rådet har gitt uttale til den politiske saka. Politisk nivå (Utval for levekår) har vore styringsgruppe. Forankring internt i organisasjonen har vore godt ivaretatt. Når det er sagt, så er me audmjuke for at det har vore meldt frå einskilde at ein har opplevd at involvering ikkje har vore tilstrekkeleg. Det vil me lære av. I slike saker er det ei særleg utfordring å nå ut i nærsamfunnet på innbyggjarnivå kvifor me gjer våre framlegg til endringar.

Rapport frå arbeidsgruppa
Sak om institusjonsplassar og heimetenester har vore utgreidd i eigen rapport og utarbeidd av arbeidsgruppe samansett av leiarar, fagressursar og tillitsvalde/verneombod. Det føreligg ein grundig rapport. Frå ulike hald er det meldt at denne rapporten er ignorert og ikkje tatt omsyn til. Kommuneadministrasjonen har i si tilråding lagt til grunn innhald i denne rapporten. 

Men det er eitt punkt som skil: I rapporten framgår at «målet bør vere å behalde tal institusjonsplassar me har i dag (99 stk) mot 2033.»  Ein er og tydleg på at det må styrkast utanfor institusjon og nedst på tenestetrappa (heimetenester, dagtilbod, avlastning osv.) Vidare at ein vurderer det til å vere nok med 99 plassar i 2033 føresett tiltak på utsida av institusjon.

Kommuneadministrasjonen  er samd i at det ville vore ideelt å styrke på utsida før reduksjon, men det vil no skje samstundes, og stegvis framover. Institusjonsplassar må truleg aukast fram mot 2033 i takt med auken i eldre og behov. Bømlo bu og helsesenter har kapasitet til denne auken p.g.a. ledige plassar. For å kunne finansiere ei styrking på utsida av institusjon, har kommuneadministrasjonen tilrådd reduksjon av 8 institusjonsplassar, samt styrke økonomien generelt. Sjå elles under i rapporten vurdering av samordning/samling av institusjonsplassane med fordeler/ulemper. 

Kompetanse og rekruttering
Det er nemnt at me er særleg bekymra for å rekruttere rett kompetanse i tida framover. Dette i høve til demografisk utvikling og færre i arbeidsdyktig alder. Me må førebu oss på at me framover skal tilby våre tenester med høvevis færre medarbeidarar. Det pågår eit arbeid og prosjekt der me systematisk ser på ny oppgåvedeling for betra utnytting av den kompetanse og ressursar me har, me er aktive på å ta i bruk og utprøve velferdsteknologi/digitalisering, endra organisering, skape miljø for fagleg utvikling, betring i logistikk og samhandling både internt og eksternt. Me merkar i dag rekrutteringsutfordringar, noko me forventar vil auka framover.

Kort om nivå og forventningar til våre tenester
Den økonomiske status i Bømlo kommune (og i svært mange andre kommunar) no er slik at strukturtiltak vert vurdert og iverksett. Det vil vere feil å melde at dette ikkje vil merkast. Dette utfordrar dei forventningar som er til tilbod og tenester. På nokre områder kan det kome endringar i høve det nivå ein er «van med» som og kan medføre reduksjon i tilbod. Nokre slike tiltak er allereie iverksett.

Brukarar – teneste og kvalitet
Kommunen si øvste leiing - saman med våre leiarar og tilsette på alle nivå – sin viktige jobb vil vere å sikre gode, forsvarlege og verdige tenester med god kvalitet. Leiarar på verksemdnivå, fagpersonar og tilsette sine representantar er aktive bidragsytarar for å sikre at dette vert ivaretatt i vårt omstillingsarbeid. Desse fangar også dagleg opp innspel og tilbakemeldingar frå både pårørande og brukarar. Me vil halde fram vårt samarbeid både med dei politisk utpeika råda i kommunen og brukarorganisasjonar i vårt utviklingsarbeid. Det skal vere eit klart mål om å tilby institusjonsplassar med god kvalitet for alle innbyggjarar på Bømlo, også for dei som i dag må flytte frå Bømlo omsorgstun til anna institusjon. Det må vektleggjast god og føreseieleg plan for overflytting.

Eit godt tilbod nært der du bur og institusjonsplassar.
I oppfølging av politisk sak om institusjonsplassar vil me arbeida for at det skal vere eit godt nærtilbod for brukarar i Langevåg-området gjennom dei omsorgsbustader som er der, gode heimetenester,  dagtilbodet og dei potensiale som er bygget og området. Me har ønske om å utvikle dette saman med både tilsette og innbyggjarar. Når innbyggjar vert vurdert til å ha behov for institusjonsplassar enten ein bur på Langevåg eller andre deler av Bømlo, så skal ein få institusjonsplass med god kvalitet og innhald på Bømlo bu og helsesenter eller på  Teiglandshagen. 

Gode planverk og prosessar

I lesarinnlegg vert det vist til teoretiske og lite konkrete planar som grunnlag for vårt utviklingsarbeid i den aktuelle politiske saka om institusjonsplassar og heimetenester. For spesielt interesserte så er det nedanfor orientert om korleis me i HSO jobbar fram våre utviklingsplanar. I HSO vert det lagt stor vekt på å drive utviklingsarbeid på sida av den «ordinære» drifta. Me meinar det er viktig både for å møte kortsiktige og langsiktige utviklingsbehov. 

Grunnlag for vårt utviklings og omstillingsarbeid er sett i eit system som me opplever fungerer godt. Det er forankra politiske vedtekne planar, kunnskapsgrunnlag og endar opp i konkrete målretta handlingsplanar. Alle desse dokumenta er tilgjengeleg for ålmenta.

Planverk består av:

  1. Kommunedelplan helse, sosial og omsorg.  Ein plan med 10 – års perspektiv som sist vart vedteke samrøystes i kommunestyret den 24.04.23. Denne har perspektiv fram til 2033, der me rullerer denne kvart 4. år for å kunne ta inn ny og forventa utvikling.
  2.  Årleg handlingsplan. Denne har konkrete tiltakspunkt der me detaljert gjer tydeleg kva og kor i våre tenester der me ønsker at utvikling skal skje. HSO handlingsplan for 2023-2024 vart vedteke i kommunestyret samrøystes 24.04.23. Denne planen inneheld 60 handlingspunkt. Eit av desse er : «Vurdera å redusere kapasitet på institusjonsplassar/endring i drift for å vri ressursar mot tiltak til heimebuande og andre prioriterte førebyggjande oppgåver der ein i dag ikkje har kapasitet/tilbod».
  3. Grunnlagsdokument, kunnskapsgrunnlag og tankar om utvikling. Dette er dokument som omhandlar talgrunnlag/statistikk, om samfunnsutvikling og tilretting og tenesteutvikling. Dette er viktig grunnlag for alle våre planar, og som også var vedlegg i politisk sak då kommunedelplanen vart vedteke (jfr. punkt 1)
  4. Mandat og prosjektrapportar. Nokre av dei 60  punkta i vår handlingsplan får eigne mandat, prosjektansvarlege og evt. styringsgruppe nett fordi handlingspunkta er så omfattande og kompleks i sitt innhald. Vår sak om institusjonsplassar og heimetenester var av denne type. Mandatet vart godkjent samrøystes i Utval for levekår 05.09.23, samt først behandla i Eldrerådet som då kunne gje sin uttale til mandatet.  Dyktige leiarar, fagpersonar og tillitsvaldehar hardelteke i prosjektgruppa. Desse har lagt fram prosjektrapport. Politisk utval for Levekår har vore styringsgruppa for prosjektet og jamnleg fått informasjon om framdrift og høve til å gje innspel undervegs for til slutt å handsame saka politisk for vidare tilråding til kommunestyret. Eldrerådet har også fått fortløpande informasjon. Leiar av rådet har gitt uttrykk for at ein kunne ønske ein tettare dialog og prosess.

    Føremålet med å beskrive dette er å synleggjere at det er eit omfattande, målretta og systematisk arbeid som ligg bak dei endringar det er gjort framlegg om, og mange har vore involvert. Vidare er saka grundig leiarforankra på alle nivå. Dette i seg sjølv er ingen garanti for at ein har ei rett løysing i ei sak, men det skulle klart indikere at saka ikkje kviler på raske og enkle og tilfeldige løysingar. 

    Det er ikkje katastrofetenking… som einskilde hevdar…

     
Til toppen