Glade for etterlengta trafikksikring

- Langt fleire syklar til skulestart på Meling denne hausten enn i fjor grunna at den nye fotgjengarovergangen ved krysset Stavlandsvegen og Stavlandsneset endeleg kom på plass. Dette har me jobba og venta på lenge, og me føler oss langt tryggare på vegne av borna no.

syklistar går over fotgjengarfelt - Klikk for stort bileteFotgjengarfelt ved krysset opp til Stavlandsneset er på plass. Simon Knutsson Sortland

Vibeke Robberstad Sortland har tre born ved Meling skule og torsdag 15. august sykla ho saman med borna ned til den nyetablerte fotgjengarovergangen. I fjor var det tre-fire som sykla, i år var det ni stykker denne dagen.  - No er det langt tryggare å sende dei på skuleveg både til fots og på sykkel, særleg i rushtida for arbeidsfolka ved Bremnes Seashore var me ottefulle. Borna hennar står no ekstra tidleg opp for å koma seg på skulen, noko dei ikkje gjorde før, seier ei nøgd Robberstad. 

Ho legg til at dei heilt sidan Knut Arild Hareide var her i 2021 og overrekte Bømlo kommune som årets trafikksikre kommune har dei venta på denne dagen. 

Trygge skulevegar

- Trygge skulevegar som legg til rette for at borna kan gå eller sykle trygt til skulen er særs viktig. Dei skapar me saman med dei som ferdast omsynsfullt på og langs vegane i kommunen, og med dei som sikrar god sikt og trygg ferdsel forbi eigedomane sine, seier kommunalsjef samfunnsutvikling Tone Stavland.

Driftsingeniør Stein Erik Lyslo ved Park, grønt og samferdsle i Bømlo kommune har vore prosjektansvarleg. - Me har fått litt støtte til desse prosjekta frå ekstraordinære trafikksikringsmidlar, og begge er på fylkesveg. Fotgjengarovergangen ved det gamle telehuset vart bygd i 2019, opplyser Lyslo.

moped kryssar fotgjengarfelt - Klikk for stort bileteFotgjengarfelt på Stavlandsvegen ved krysset opp til Skjenaberg. Simon Knutsson Sortland

Les meir om Trafikksikker kommune Bømlo

Til toppen