Hald deg oppdatert om stengde vegar og ferjeBømlo er ein øykommune, og me må derfor pårekna at kommunen vert heilt eller delvis isolert i ein periode, grunna veret eller andre årsaker.Hovudvegane og ferjesamband i kommunen er det Vestland fylkeskommune som er ansvarleg for, og dei har eigne planar for å handtera heil eller delvis isolasjon av Bømlo.Bømlo er ein øykommune, og derfor må me pårekna at kommunen vert heilt eller delvis isolert i ein periode.Kommunen har i beredskapsplanverket tatt høgd for heil eller delvis isolasjon, men innbyggjarane kan likevel ikkje rekna med at det offentlege (stat, fylke, kommune, nødetatar) skal kunne løysa alle utfordringar for kvar einskild under ekstraordinære forhold.Det er difor viktig at innbyggjarane gjer tiltak sjølv, som til dømes:Er det meldt utfordrande ver, kan du følgja med på vermeldingane.Har du stor bil eller hengar / campingvogn må du vurdera om vindforhalda er slik at du ikkje bør køyra over bruene i Trekantsambandet. (No er vindmålaren på Bømlabrua ute av drift. Følg med på vinden på yr.no)Ha nok drivstoff eller straum på bilen dersom du kan risikera å bli ståande i vente-kø.Aktiver trafikkmeldingsfunksjon i bilen, og still inn funksjonen til å bryta inn med trafikkmeldingar i sendingar eller når du høyrer på musikk.Hald deg oppdatert via div. varslingsfunksjonar (sjå under), som t.d. vegtrafikkapp, sms varslar for ferje- og vegstrekninger, X-meldingar (tidlegare Twitter).Hald deg oppdatert via varslingsfunksjonarVegtrafikkappI Vegvesen Trafikk-appen kan du få varsel om område du har lagra i dine favorittar. Du teiknar eit område i kartet, lagrar dette og skrur på varsel.Du kan også planleggja og sjå reiseruter. I kartet kan du sjå trafikkmeldingar, opplysningar om kvar du finn på dei enkelte pauseplassane, og informasjon frå webkamera.Last ned Statens vegvesen sin vegtrafikkapp Annan nyttig informasjonDu kan få nyttig informasjon om stengde vegar og ferje frå Statens vegvesen, politiet og Fjord1:Fjord 1 trafikkmeldingarGenerell ruteinformasjon Fjord1 - ring 177Vegvesen; veg- og trafikkinformasjonPush-varsling for bruer, tunneler, fjellovergangar og vêrutsatte vegarPolitiet Sør-VestSør-Vest politidistrikt på politiloggen (velg politidistrikt og tema)Last ned politiloggen app frå Google PlayLast ned politiloggen app frå App StoreHeimesider Sør-Vest politidistriktSør-Vest politidistrikt på FacebookMeir informasjon på kommunen si nettside om korleis du kan vere førebudd og bli oppdatertVarslingstenesta varsom.noVarsom-plattforma består av varslingstenester, fagkunnskap og systemer. Målet med Varsom er å hindra tap av liv og verdiar knytta til snøskred, flom, jordskred, fjellskred og isforhold i Norge.Sjekk varsom.noIllustrasjon av skilt