Europeisk ungdom lærer om falske nyhende

Moster 2024 og organisasjonen Youth Empowerment (YE) i Thessaloniki, Hellas, arrangerer frå 05.-13.08 eit utvekslingsprogram som er finansiert av Erasmus+ Ungdom. 50 personar frå Noreg, Hellas, Litauen, Polen, Italia, Armenia, Serbia og Kroatia er samla på eit ungdomsherberge i Thessaloniki for å jobbe med temaet falske nyheiter under mottoet «Break the fake vol. 2».

Erasmus+ Ungdom støttar mange slike prosjekt over heile Europa, og Moster 2024 arrangerte eit tilsvarande prosjekt på Bømlo. EU har oppretta dette programmet for å bidra til at unge menneske over heile Europa kan bli betre kjende med andre kulturar, få opplæring i tema som demokrati, inkludering eller anna som er viktig for å byggje vidare på demokratiet og samhaldet i Europa. Det er basert på informell læring, det vil seie i stor grad å lære av kvarandre og å sjølv delta aktivt i programmet.

ungdomar rundt bord med merkelappar - Klikk for stort bileteGruppearbied under ungdomsutvekslinga. Johanne Kristiansen

Ungdomsrådet og Moster 2024

- Frå Bømlo er fem ungdommar og ein vaksenleiar med som representantar for Moster 2024/Bømlo ungdomsråd på utvekslinga. Dei 8 dagane går med til å bli kjende med kvarandre, landa deltakarane kjem frå, byen me er i, og å jobbe med ulike aspekt av temaet falske nyheiter: kva er det, kva former har det, kva gjer det med demokratiet vårt om ungdom og eldre stadig blir utsette for medviten feilinformasjon og vidareformidling av informasjon som er feil. I arbeidet viser det seg at det er store forskjellar mellom dei ulike landa. I Noreg er det også utfordringar med falsk informasjon, særleg på sosiale media, men situasjonen er mykje verre i fleire av dei andre landa, fortel Johanne Kristiansen. Ho er reiseleiar og rådgjevar folkehelse og frivilligheit i Bømlo kommune.

Kvart land har hatt ansvar for å førebu ulike workshops i samband med temaet, og i løpet av to intercultural evenings presenterer gruppene heimlandet sitt og tradisjonar derifrå. Gjengen frå Bømlo har allereie hatt sin presentasjon med lefse, makrell i tomat, brunost, sjølvstrikka selbuvottar, turklede og refleksar. Dette blei godt motteke. Workshopen vi hadde ansvar for, hadde overskrifta «Information Unfolded» og handla om kva følgjer falske nyheiter kan ha for demokratiet vårt, og kvifor det er viktig at ungdom (og andre) sjekkar om informasjonen dei les og eventuelt deler vidare, verkeleg stemmer. I gruppearbeidet kunne vi bruke informasjon frå den nye utstillinga «Frå makt til rett» i Moster Amfi. Det blei veldig tydeleg at i nokre av dei andre landa, særleg på Balkan, har dei ein heilt annan situasjon når det gjeld falske nyheiter enn det vi har i Noreg.

Programmet vekslar mellom å finne stad i plenum, i små grupper, i nasjonale grupper eller blanda, slik som for eksempel tredje dagen, då vi strøymde ut i byen på føremiddagen for å finne diverse kjende stader og lære meir om dei. Kvifor stoppa «the broken clock»? Og kva er den mest kjende søtvaren i Thessaloniki? Svaret på det siste er «trigona», ein lekker sak laga av butterdeig, honning og vaniljekrem. Vi fekk også med oss det kvite tårnet, flotte marknader og andre stader i denne fine byen. Det var 32 grader på føremiddagen, så for ein vestlending var det varmt, men kjølegare temperaturar får vi nok av når me kjem heim.

Heile opphaldet har engelsk som felles språk, og dersom ei nasjonal gruppe snakkar sitt eige språk og nokon frå eit anna land set seg ned saman med dei og gjerne vil vera med i samtalen, blir det sagt «Bora-bora». Dette er signalet for at no er det tid for å snakke engelsk igjen. Dette er ei utfordring, men også ei lærerik oppleving.

Ingen fritidsleir 

Temperaturen i Thessaloniki ligg mellom 30 og 35 grader desse dagane, og det er godt å ha aircondition både på soveromma og i fellesrommet der dei fleste aktivitetane finn stad. Med 50 menneske samla i eit rom som eigentleg passar betre for 30, blir det likevel raskt varmt og mykje lyd når deltakarane driv på med gruppearbeid og aktivitetar. Signalet for å vera stille er ikkje «hysj», men at nokon ropar «Marco» – og resten svarar «Polo». Då skal det vera stille, men ofte må dette gjentakast nokre gonger før det blir så stille at det er mogleg å fortelje noko til heile gruppa.

Hanna Oliva Høgmo Breivik er ein av deltakarane frå Bømlo. Ho synest at det kjekkaste med turen er samspelet med folk frå andre land. – Me lærer å jobbe med mange ulike folk og har prøvd ut mange gode måtar å bli kjende på. Eg håpar å lære meir om korleis me kan beskytte oss mot falske nyheiter.

Sivert Sortland synest også det kjekkaste er å møta nye folk. - Det er ganske overraskande å sjå at me kan ha ganske lik humor, sjølv om vi kjem frå ulike land. Det er skikkeleg gøy.

Det som er vanskelegast er nok varmen, at det blir veldig lite søvn, og at det blir lange dagar med mykje program. Det er ikkje mykje fritid i programmet, med eit opplegg som startar med frukost kl. 08:30 og enkelte kveldar sluttar programmet ca. kl. 23:00. Lunsj og middag blir innteke på ei lokal taverna, og ungdommane får prøve både gresk og litt internasjonal mat.

- Viktig utveksling

Temaet for utvekslinga passar også godt saman med temaa som blei utarbeidde av Mostratinget for unge under jubileumsfeiringa på Moster i starten av juni, og det kjem også til å bli følgt opp av ungdommane og Bømlo ungdomsråd utover hausten.

- Moster 2024 ønska å sende ungdom på utveksling til Hellas for å kunne gi same oppleving til ungdommane som me gjorde då me inviterte til Bømlo i 2022. Under ungdomsutvekslinga på Bømlo folkehøgskule sommaren 2022 var Hellas og organisasjonen Youth Empowerment ein del av dei inviterte til utvekslinga. Sidan vi då var vertskap, var ungdommane frå Bømlo si oppgåve å vise rundt på Bømlo og Moster. Det var eit vellykka og godt samarbeid, og då Youth Empowerment spurde om me ønska å ta del i ein ny utveksling der ungdommar frå Bømlo fekk moglegheita til å reise til Thessaloniki, ønska me sjølvsagt å bidra med å få til det. Desse utvekslingane bidrar til å spreie kunnskap og sosialt samvær på tvers av landegrensene, og me synest det er viktig at ungdom får slike moglegheiter, at dei lærer av kvarandre og saman formar framtida, seier produsent og produksjonsleiar Vilde Lundal Santell for Jubileumsveka på Moster 2024.

Ungdommane som er med på turen er Hanna Oliva Høgmo Breivik, Bjarte Tjensvoll, Sivert Sortland, Malin Aga og Alis Natterøy.

Til toppen