Brustenging i kveld/natt

Bømlabrua vert stengd i kveld/natt fredag 25. oktober frå klokka 22.00 til ca. 02.00 med inntil 1 time om gangen. Det vil bli to stenginger med start kl. 22.00. Når stenging nr. 2 vert er usikkert, men operatøren reknar med å vere ferdig til kl. 02.00.

Vekst trass svake fødselstal

Bømlo kommune har framleis vekst i folketalet, men svake fødselstal. Me er no 12301 bømlingar, ein auke på 33 personar hittil i år. Kvinnherad har hatt størst folketalsvekst i Sunnhordland med 56 nye innbyggjarar hittil i år.

Bømlo kommune sitt fødselsoverskot hittil i år er fem personar, og netto innflytting er 28 personar som totalt utgjer ein auke på 33 personar. I tabellen under er tala for 1. og 2. kvartal. Hittil i år er det berre Fitjar kommune som har opplevd nedgang i folketalet, med minus 20 personar hittil i år. 

Styrande for rammetilskot

- Talet på innbyggjarar er styrande for Staten si tildeling av rammetilskot i 2025. Veksten frå 01.07.2023 er på 0,5%, som er noko lågare enn landsgjennomsnittet der veksten i befolkninga er på 1%. Vår del av rammetilskotet vil dermed bli litt lågare enn om me hadde hatt same vekst som landet elles, opplyser økonomisjef Jarle Nakken.

For meir detaljar sjå SSB sine statistikkar

tabell folketalsutvikling sunnhordland 2. kvartal 2024 - Klikk for stort bileteFolketalsutvikling 2. kvartal 2024.
Til toppen