Aktuelt og kunngjeringar

Politiet åtvarar mot oppsøkjande handverkarar

Like sikkert som våren kjem, blir bustadeigarar oppsøkte av useriøse håndtverkere som tilbyr tenester på døra eller via tilbod som blir lagt i postkassa. 

Formannskapet fekk orienteringar om helse og kultur

Formannskapet fekk i føremiddag orienteringar om digitalisering, endringsbehova i helse og omsorgssektoren og arbeidet med kommunedelplan for kultur, idrett og frivilligheit. 

Stenger venterommet ved bussterminalen

Venterommet ved Esso Bremnes og bussentralen Svortland vert no permanent stengt.

Søk om Trygve Hoff sin minnepris

Ein person eller gruppe personar som driv kulturarbeid i Trygve Hoff si ånd kan innan 31. mai søkja om 50.000 kroner. Trygve Hoff sin minnepris gis ikkje til einskildprosjekt.

Hiskabrua nattestengt i veke 21

Hiskabrua vert stengd nattestid frå kl. 22.00 til kl. 06.00 neste veke med oppstart tysdag 21. mai grunna overflatebehandling av toppdekket.  

Tilskot til spesielle miljøtiltak i landbruket 2024

Kommunen har fått overført mynde til å løyva tilskot til spesielle miljøtiltak i landbruket - SMIL.  Søknad på Altinn innan 1. juni 2024.

- Må styrka dagtilbod og heimetenestene

- Denne saka har ikkje oppstått akutt, men er blitt jobba godt med sidan me i fjor vår vedtok Handlingsplan for Helse, sosial og omsorg 2023-2024. Det sa leiar Jørgen Søvold (H) i hovudutval for levekår før fleirtalet på 7 mot 2 røysta for kommunedirektøren sitt framlegg i saka om sjukeheimstilbod og heimetenester. 

Krevjande saker i Levekår

Korleis skal Bømlo kommune kunna gje gode helse og omsorgstenester i ei framtid med mindre tilgang på arbeidskraft og strammare økonomiske rammer? Det er bakgrunnsteppe for Hovudutval for levekår som får to særs krevjande saker om sjukeheimstilbod og heimetenester og Habiliteringstenesta i framtida til handsaming 14. mai. 

Søkja redusert foreldrebetaling i barnehage

Dersom du har låg inntekt kan du søkja om redusert foreldrebetaling i barnehagen for året 2024 - 2025. 

Ein god stad å trivast

Trivselshuset er eit dagtilbod for heimebuande eldre i regi av Bømlo heimeteneste. Med eigen minibuss og tenestebilar hentar og bringar dei frå heimane til brukarane.

Til toppen