Utsnitt av plankartet.Føremålet med reguleringsplanen er å leggja til rette for etablering av 15 stk. naust med tilhøyrande tilkomst, parkering, kai og småbåtanlegg. Det er i dag 3 stk. eksisterande naust innanfor planområdet. Desse vert rekna som ein del av dei 15 nausta. Ein ser føre seg at nausta på gnr. 131 bnr. 1 og 65 vert erstatta av nye naust, medan naustet på gnr.131 bnr. 5 vert liggjande som i dag.
Det er Kommunestyret som har vedtatt detaljreguleringsplan for Hiskahamnen naustområde gnr. 131, bnr.1 m.fl. Hiskjo. Planid 201905 . Vedtaket vart gjort i møte den 28.10.2024 i sak PS 80/24.
Det er mogleg å klaga på vedtatt plan. Frist for å klaga på planen er 15.12.2024.
Klager kan sendast på papir til:
Bømlo kommune, Arealbruk,
Rådhuset, Leirdalen 1,
5430 Bremnes
Eller på e-post til:
postmottak@bomlo.kommune.no
Er du misnøgd med vedtaket av reguleringsplanen, så kan du klaga til oss.
Klagefrist
- Fristen for å klaga er tre veker frå du fekk vedtaket. Klagen må vera postlagt før fristen går ut.
- Dersom du ikkje har fått vedtaket, så er fristen for å klaga tre veker frå du blei kjent med vedtaket eller burde ha skaffa deg kjennskap om vedtaket.
- Sjølv om du sender inn klagen for seint, kan me i nokre tilfelle etter ein konkret vurdering likevel behandla klagen. Klikk her for å sjå forvaltningslova om å klaga på vedtak etter fristen.
Kven kan klaga
- For at me skal behandla klagen din, må du vera part i saka eller ha rettsleg klageinteresse.
- For at du skal vera part i saka, må vedtaket retta seg mot deg, eller direkte gjelda deg.
- For at du skal ha rettsleg klageinteresse må du ha ei tilknyting til saka. Du kan òg ha ei rettsleg klageinteresse om du ha ei viss tilknyting til saka. Dette gjeld naboar, gjenbuarar, bebuarar i nærområdet, velforeiningar og interesseorganisasjonar der saka råkar eigedomen fysisk (sol, luft, lys og skuleveg) eller økonomisk (konkurranseforhold og verdinedgang). Om du har rettsleg klageinteresse vurderer me i kvart enkelt tilfelle.
Slik klagar du
- Klagen må vera skriftleg og sendt til oss som eit vanleg brev eller e-post.
- Du må skriva at dette er ein klage.
- Du må skriva kva vedtak du klagar på, til dømes saksnummer eller namnet på saka det gjeld.
- Du må skriva kva tilknyting du har til saka, til dømes at du er nabo eller næringsdrivande i området.
- Du må grunngje kvifor du klagar, og du må skriva tydeleg korleis du ønskjer at vedtaket skal bli endra.
- Dersom du har ny informasjon som ikkje er omtalt i saka før, er det viktig at dette blir lagt saman med klagebrevet.
- Klagen må vera underskriven av deg eller din fullmektig, til dømes advokat.
- Dersom du vil be om at gjennomføringa av tiltaket blir stoppa til klagen er avgjort, må du leggja ved ei eigen grunngjeving for dette (utsett iverksetting av vedtak).
Kvar sender du klagen
- Klage på e-post sender du til: postmottak@bomlo.kommune.no
- Klage per brev sender du til: Bømlo kommune v/Arealbruk, Leirdalen 1, 5430 Bremnes
Klageinstans
Statsforvaltaren er klageinstans på vedtak etter plan- og bygningslova. Du sender klagen din til kommunen som deretter handterer den vidare.
Saksbehandlingstid
Klagen din blir vurdert av administrasjonen og deretter lagt fram for kommunestyre for handsaming. Me skal behandla klagen frå deg snarast råd og utan ugrunna opphald.
Aktuell lov
Klikk her for å lesa meir om klage og klagerett i forvaltningslova