God auke i folketalet på Bømlo
Eit sterkt 3. kvartal gjer at folketalet i Bømlo kommune no tel 12361 personar som er ein auke på 93 personar eller 0,8% hittil i år.
Fødselsoverskotet i 3. kvartal er 17 personar med 36 fødte og og 19 døde. Hittil i år er desse tala høvesvis 22, 86 og 64. Det er likevel innvandringa frå utlandet som er den viktigaste drivaren. Dette er busette flyktningar samt bebuarar på asylmottaket. Dette er det kvartalet med størst netto vekst i folketalet i Bømlo på svært lenge. Netto innflytting inkludert inn- og utvandring syner 43 i pluss for 3. kvartal og 71 hittil i år. Netto innflytting skuldast hovudsakleg innvandring. Det er også netto utflytting innanlandsk, noko som delvis heng saman med studentar som meldar flytting til andre kommunar.
Folketalsveksten i Bømlo 2024 syner sterk auke.
Sist endra 21.11.2024 14:51