Vedtak av områdeplan for Kysthytte 5/72, Sakseid indre planid 202102

Områdeplan for kysthytte 5/72, Sakseid Indre, planid 202102 er vedtatt, klagefrist 15.12.2024.

Plankart som viser plassering av dei ulike føremåla i planen. - Klikk for stort bileteUtsnitt av plankart

Hovudføremålet med områdereplanen er å leggje plangrunnlag for Bergen og Hordaland Turlag si etablering av Kysthytte med om lag 60 sengeplassar på Kråkeneset tomt gnr.5/72 Sakseid i Bømlo. I tillegg ønskjer regulere for etablering av større parkeringsplass for tiltaka ved sjøen, samt seks nye bustadtomter. Vidare, vidarefører planen ein del av arealføremåla frå gjeldande reguleringsplan; køyreveg, fritid- og turisme, fritidsområde og eksisterande tiltak lengst aust i planområdet.

Det er kommunestyret som har vedtatt Områdeplan for kysthytte 5/72, Sakseid Indre, planid 202102. Vedtaker vart gjort i møte den 28.10.2024 i sak PS 78/24.

Planen erstatta Havlandet planid 200702 og delar av vegplanen Fv 541 Sakseid-Hestaneset (Planid 201406) vert oppheva.

Det er mogleg å klaga på vedtatt plan. Frist for å klaga på planen er 15.12.2024.

Klager kan sendast på papir til: 
Bømlo kommune, Arealbruk, 
Rådhuset, Leirdalen 1, 
5430 Bremnes

Eller på e-post til: 
postmottak@bomlo.kommune.no 


 

Til toppen