Vedtak av endring 1 av detaljreguleringsplan for naustområde Skutevik 4/89 m.fl., Hidle, PlanID 202107

Endring 1 av detaljreguleringsplan for naustområde Skutevik 4/89 m.fl., Hidle, PlanID 202107 er vedtatt. Klagar til endringa kan sendast inn fram til 15.12.2024.

Utsnitt av plankartet - Klikk for stort bileteUtsnitt av plankartet

Føremålet med reguleringsendringa er retting av plankartet. Naustføremålet UNB6 manglar byggjegrense til sjø for to av dei planlagde nausta i planområde.

Det er utval for areal og samferdsel som har vedtatt endringa av detaljreguleringsplan for naustområde Skutevik 4/89 m.fl., Hidle, PlanID 202107. Vedtaket vart gjort i møte den 13.11.2024 i sak PS 45/24.

Det er mogleg å klaga på vedtatt endring. Frist for å klaga på endringa er 15.12.2024.

Klager kan sendast på papir til:
Bømlo kommune, Arealbruk,
Rådhuset, Leirdalen 1,
5430 Bremnes

Eller på e-post til:
postmottak@bomlo.kommune.no

Til toppen