På døra takkar for seg - for no

Testperioden for tenesta «På dørterskelen» er no over. 

Målet med denne testen var å læra meir om kva mottakarane synst om tenesta, kva dei ville gjort annleis og kva for nokre andre tenester dei kunne ønskja seg. Gjennom testperioden har me fått mange gode innspel. Me ønskjer å takka deg som har delteke i testen og me håpar at du har sett pris på å få posten og informasjon frå kommunen levert på døra eller i postkassa. Me håpar at det på sikt vil bli ei varig og nasjonal teneste.

Om du har forslag til korleis tenesta kan forbetrast kan du ta kontakt med oss på e-post: kommunetest@posten.no

PS: Det er oppgitt feil pris i aktivitetskalenderen for Senioruniversitetet. Rett pris er 175 kroner.

Sjå heile På døra veke 47 (PDF, 4 MB)

Om prosjektet På døra

Tema i veke 47 på informasjonsskrivet På døra som postboda leverer ut til eit utval personar over 67 år i Bømlo kommune er avslutninga av dette pilotprosjektet. I tillegg er det informasjon om ein del aktivitetar som skjer denne veka retta inn mot denne målgruppa. I samarbeid med Posten Bring AS vil Bømlo kommune halda fram pilotprosjektet me starta opp i august i fjor med å testa ut ein ny måte å informera om aktivitetar målgruppa kan delta på.  I tillegg vil informasjonen innehalda andre aktuelle lokale og nasjonale tema. Omlag 500 innbyggjarar over 67 år i kommunen er tilfeldig plukka ut som testmottakarar. 

Til toppen