Vedtak av detaljregulering for naustområde Andahavet og Langøy 110/270 og 110/22 mfl., Alvsvåg, PlanID 201810

Detaljregulering for naustområde Andahavet og Langøy 110/270 og 110/22 mfl., Alvsvåg, PlanID 201810 er vedtatt. Klagar til planen kan sendast inn fram til 26.07.2024

Plankart som viser plassering av dei ulike føremåla i planen. - Klikk for stort bileteUtsnitt av plankartet.

Føremålet med planen er å planleggja for bygging av inntil 26 nye naust og 1 nytt næringsbygg i tråd med planskissa. Innanfor planområdet vert det tilrettelagt for naudsynt trafikkareal, parkeringsplassar, kaiar, grøntområde, flytebrygger og småbåtanlegg i sjø. Tilførselsveg frå FV5012 Giljevegen er allereie utbygd som kommunal veg, Kv1173 Alvsvågsvegen og privat veg Pv1254 Langøyvegen.

Det er Kommunestyret som har vedtatt Detaljregulering for naustområde Andahavet og Langøy 110/270 og 110/22 mfl., Alvsvåg, PlanID 201810. Vedtaket vart gjort i møte den 17.06.2024 i sak PS 39/24.

Det er mogleg å klaga på vedtatt plan. Frist for å klaga på planen er 26.07.2024.  

Klager kan sendast på papir til: 
Bømlo kommune, Arealbruk, 
Rådhuset, Leirdalen 1, 
5430 Bremnes

Eller på e-post til: 
postmottak@bomlo.kommune.no

Til toppen