Vedtak av detaljregulering for fritidsbustader Kjerkalevik 137/19 mfl., PlanID 201724

Detaljregulering for fritidsbustader Kjerkalevik 137/19 mfl., PlanID 201724 er vedtatt. Klagar til planen kan sendast inn fram til 26.07.2024

Plankart som viser plassering av dei ulike føremåla i planen. - Klikk for stort bileteUtsnitt av plankartet.

Føremålet med planen er å planleggja for bygging av inntil 6 nye fritidsbustadar og 3 naust som no vert regulert til fritidsbustad. Innanfor planområdet vert det tilrettelagt for naudsynt trafikkareal, parkeringsplassar, kaiar, flytebrygger og småbåtanlegg i sjø. I planområdet er det i dag ein blanding av ulike bygg: fritidsbustadar, einebustadar og naust. Tilførselsveg frå FV541 er allereie etablert – som kommunal veg Lyklingsjøvegen og privat veg Kjerkalevikvegen.

Det er Kommunestyret som har vedtatt detaljregulering for fritidsbustader Kjerkalevik 137/19 mfl., PlanID 201724. Vedtaket vart gjort i møte den 17.06.2024 i sak PS 40/24. 

Det er mogleg å klaga på vedtatt plan. Frist for å klaga på planen er 26.07.2024.  

Klager kan sendast på papir til: 
Bømlo kommune, Arealbruk, 
Rådhuset, Leirdalen 1, 
5430 Bremnes

Eller på e-post til: 
postmottak@bomlo.kommune.no

Til toppen