Aktuelt og kunngjeringar

Sanering av gamle telefonlinjer i Håvikvåg og Mæland

Firmaet Linjeproff AS varslar om sanering av kabel/skap/stolpe for Telenor i områda Håvikvåg og Mæland. Dei vil byrja arbeidet i løpet av mai (veke 19) og halda på fram til november 2024.

Er du student eller på jobbjakt?

Bømlo kommune har fleire spennande jobbar ledige og stiller på stands under Sunnhordlandstreff måndag 20. juni kl. 17.30 i lokala til Stord Folkehøgskule i Leirvik sentrum.

Budsjett og økonomiplan 2023-2026

Kommunestyret vedtok 12. desember budsjett for 2023 og økonomiplan 2023-2026. Kommunedirektør Kjetil Aga Gjøsæter la fram sitt forslag for kommunestyret måndag 7. november og dette vart handsama i formannskapet sine novembermøter.

Feilparkering hindrar ambulansen

Det er trangt ved hovudinngangen til Bømlo bu- og helsesenter (BBH). Dette er eit stort problem for ambulansen, og det skjer ofte til trass for god oppmerking og skilting om parkering forbode.  

Ver førebudd – hald deg orientert

Stenging av Bømlabrua eller stans i ferjesambandet Langevåg-Buavåg er noko me må pårekna frå tid til anna. Publikum forventar god informasjon uavhengig av kven som har ansvaret, og Bømlo kommune jobbar med å bli betre på dette feltet. Under finn du nyttige lenkjer det kan vere lurt å ha lett tilgjengeleg.

Utlegging av takstar eigedomsskatt for 2023

Eigedomsskattelista for Bømlo kommune vert lagt ut til offentleg gjennomsyn i ein månad frå 1. mars.

Ny vegtrafikk app og sms-varslingsteneste

I dag vart Statens vegvesen sine Vegtrafikkapp og varslingstenester for sms-abonnement på Bømlabrua og Stordabrua aktivert.

Registrerer kulturminner i Bømlo

Riksantikvaren har hyrt inn Asplan Viak for å gjennomføra registreringar av 199 automatisk freda, arkeologiske kulturminner i Bømlo kommune frå 24. april 2023.

Full utteljing for 1000-årsjubileet

- Grunnfinansieringa har vore ei tung bør på skuldra vår, men no har dette ordna seg fint slik at me no kan konsentrera oss om å laga eit fantastisk jubileum. Slik oppsummerte styreleiar Per Bjørn Habbestad i Moster 2024 gladmeldinga som statsråd Kjersti Toppe personleg overrekte i Moster amfi måndag 8. mai. 

Bømlo kommune regodkjent som trafikksikker kommune

Bømlo kommune fekk 8. mai besøk av Trygg trafikk, som kunne gratulere kommunen med tre nye år som trafikksikker kommune.

Til toppen