Feilparkering hindrar ambulansen
Det er trangt ved hovudinngangen til Bømlo bu- og helsesenter (BBH). Dette er eit stort problem for ambulansen, og det skjer ofte til trass for god oppmerking og skilting om parkering forbode.
Feilparkering hindrar utrykningskøyretøy ved Bømlo bu- og helsesenter.
Simon Knutsson Sortland
- Me er i ei tid med mykje dårleg vær, og fleire besøkjande ønskjer helst å parkere ved hovudinngangen. Det er få parkeringsplassar, så fleire vel då å parkere langs hekken framfor å finne ein annan parkeringsplass i området. Dette er eit stort problem for ambulansen, og dei som vil kome seg fram rundt rundkøyringa. Det er viktig for oss å alltid sikre naudetatane tilgang til bygget. Me ber difor alle besøkjande å finne annan parkeringsplass, då det er forbode å parkere langs hekken, oppmodar verksemdsleiar Monica Smedsrud.
Det er fem vanlege parkeringsplassar og to reservert for rørslehemma oppe ved hovudinngangen. Andre parkeringsplassar for besøkjande er ved legesenteret og på nedsida av BBH.
Sist endra 30.04.2024 14:34