Gode nyhende for Moster 2024 og Moster amfi frå statsråd Kjersti Toppe (SP), fremst på rad 1. På sida av ho sit dagleg leiar Elsa Aanensen i Moster 2024, fylkesordførar Jon Askeland (Sp), ordførar Sammy Olsen (Sp), stortingsrepresentant Odd Harald Hovland (Ap) og dagleg leiar Nina Meldahl Olsen i Moster amfi. På øvste rad f.v Jane Jünger, Etne-ordførar og leiar i Sunnhordlandsrådet Mette Heidi Bergsvåg Ekrheim, Thomas Kråkevik-Liaøy (Bømlo Ap), leiar i Bømlo ungdomsråd Bjarte Notland Tjensvoll, statssekretær Trine Fagervik , prost Svein Theodorsen, styreleiar Per Bjørn Habbestad Moster 2024 og varaordførar Nancy Johanne Aasheim (Sp) i Stord kommune.
Simon Knutsson Sortland
Barne- og familieminister Kjersti Toppe (Sp) kom eins ærend til Moster for å dele nyheita om vidare statleg finansiering for jubileet. Ho kunne melde om både ein million ekstra i det reviderte statsbudsjettet for 2023 og tre millionar i statsbudsjettet for 2024. Med dette har 1000-årsjubileet fått sikra statlege tilskot som omsøkt, på totalt 10 millionar for heile prosjektperioden.
- Nå kan vi gå hausten i møte med full fokus på innhaldsproduksjon til den store feiringa i 2024, med fokus på verdiar i lovverk og samfunn, takka ei nøgd dagleg leiar Elsa Aanensen i Moster 2024 før ho presenterte prosjektet og sjølve jubileumsprogrammet for gjestene.
Sjå artikkelen Storslagent jubileumsprogram for Moster 2024
Verdiar og framtida
- Moster 2024 markerer innføring av Kristenretten i 1024, og at Norge då gikk frå eit maktsamfunn til eit rettssamfunn. Viktig då, viktig no, viktig for framtida, understreka Toppe.
- Med denne finansieringa på plass skal me lukkast med både jubileet og å utvikla Moster Amfi vidare, konstaterte fylkesordførar og medlem i hovudkomiteen Jon Askeland (Sp).
- Moster 2024 vil vere viktig for å fremje lokaldemokratiet hjå den einskilde, reise- og næringsliv i heile regionen vår og setja Sunnhordland på kartet, meiner Etne-ordførar og leiar i Sunnhordlandsrådet, Mette Heidi Bergsvåg Ekrheim (Sp).
- Me skal feira fortida, men forma framtida. Då vert det viktig med kva me meiner er viktig for oss og kva verdiar me vil ta med oss vidare, seier prost Svein Theodorsen.
- Med fridom og demokrati i fare i heile Europa som bakteppe set dette viktige lovjubileet, Kristenretten 1000 år, i eit litt dystert perspektiv. Men difor er det så viktig å ha fokus nettopp på desse tre tema fridom, rettsvern og likeverd. Det er særs gledeleg at jubileet spesielt vil engasjere barn og ungdom, meiner stortingsrepresentant Odd Harald Hovland (Ap). Sjølve planane for jubileet starta i byrjinga av hans ordførarperiode 2011-2019.
Born og unge sentrale
Leiar Bjarte Tjensvoll Notland (t.h) i Bømlo ungdomsråd minna statsråd Kjersti Toppe om brevet dei har sendt Barne- og familiedepartementet.
Simon Knutsson Sortland
- I dag vert dei unge bombardert med all mogleg reklame og anna innhald på TikTok og andre sosiale medier. Difor er det så viktig for oss å læra og få born og unge til å forstå kva desse verdiane betyr, og å bruka pengar på å jobba dei fram. Me vil få takka for den viktige jobben de gjer her, sa Toppe til jubileumskomiteen.
- Me er glade og takksame for at finansieringa no er på plass og me vil få jubileet til å fungere veldig godt. Eg er særs glad for at leiaren i Bømlo ungdomsråd, Bjarte Tjensvoll Notland, er med oss her i kveld, sa ordførar Sammy Olsen.
- Me har saman med Ungdommens kommunestyre i Askøy sendt deg eit brev om midlar til oppstartsarbeid for ungdomsråd i alle norske kommunar. Det synest me er viktig for at våre røyster skal bli høyrt, sa ungdomsleiaren til statsråden. Ho kvitterte med at det brevet skulle ho finne fram og vurdere.
Kort oppsummert var forsamlinga samde om at om Moster 2024 kan ein seie: "Her det skjedde, her det skjer og her det vil skje."