Brustenging i kveld/natt

Bømlabrua vert stengd i kveld/natt fredag 25. oktober frå klokka 22.00 til ca. 02.00 med inntil 1 time om gangen. Det vil bli to stenginger med start kl. 22.00. Når stenging nr. 2 vert er usikkert, men operatøren reknar med å vere ferdig til kl. 02.00.

Offentleg ettersyn av detaljreguleringsplan for bustadområde Strandavegen 101/226 m.fl., PlanID 202304

Detaljreguleringsplan for bustadområde Strandavegen 101/226 m.fl., PlanID 202304 er lagt ut til offentleg ettersyn. Høyringsfrist 01.11.2024

Plankart som viser plassering av ulike føremål som veg, bustad og leikeareal. - Klikk for stort bileteUtsnitt av plankart

Føremålet med planen er å utarbeide ein heilskapleg detaljreguleringsplan som legg til rette for utvikling og fortetting av bustadområdet. Planen omfattar totalt seks bustadtomter, derav to er utbygd frå før, og ei vert opna for bygging av tomannsbustad. Planen opnar for etablering av fem nye bustadeiningar. I tilknyting til bustadområdet vil ein også regulere inn eksisterande areal til leikeplass. Bustadane vil få tilkomst via noverande kommunal tilkomstveg Strandavegen, og det vert lagt opp til parkering på eiga tomt. Planen utgjer eit samla areal på ca. 8,9 daa.

Det er utval for areal og samferdsel som har gjort vedtak om at framlegg til detaljreguleringsplan for bustadområde Strandavegen 101/226 m.fl., PlanID 202304 skal leggjast ut til offentleg ettersyn. Vedtaket vart gjort i møte den 04.09.2024 i sak PS 27/24. 

 

Frist for å komma med merknadar til planframlegget er sett til 01.11.2024. 

Gje merknad/innspel til planen (via digitalt skjema)

Alternativt kan merknadar sendast på papir til: 
Bømlo kommune, Arealbruk, 
Rådhuset, Leirdalen 1, 
5430 Bremnes 

Eller på e-post til: 
postmottak@bomlo.kommune.no 

Til toppen