Aktuelt og kunngjeringar

Først spadetak for siste etappe

Ordførar Morten Helland tok spaden fatt saman med avdelingsleiar Gunhild Vangsnes i prosjekteigar Vestland fylkeskommune og anleggsleiar Frode W. Hamre hos entreprenøren Bertelsen&Garpestad då dei markerte starten på siste etappe av revidert Bømlopakke II, traseen Sakseid-Hestanes-Ekornsæter. Prosjektet kostnadsrekna til 470 millionar kroner skal etter planen stå ferdig til april 2027.

Alle mann på dekk

Bømlo kommune har hatt alt tilgjengeleg mannskap og utstyr ute sidan torsdag kveld for å rydda unna dei ekstraordinært store snømengdene som har kome dei siste dagane. Arbeidet vil halda fram så lenge det er naudsynt. Me oppmodar alle til å sleppe fram mannskapa våre og bidra til rydding for å sikra betre framkomst for helsepersonellet vårt der me kan.

Hald deg oppdatert om stengde vegar og ferje

Bømlo er ein øykommune, og me må derfor pårekna at kommunen vert heilt eller delvis isolert i ein periode, grunna veret eller andre årsaker.

Tilsyn med kommunen og Moster skule

Statsforvaltar har gjennomført tilsyn med Bømlo kommune og Moster skule i haust vedrørande kommunen sitt arbeid for å sikra eit trygt og godt skulemiljø. Tilsynsrapporten er no klar.

Ny leigeavtale for velferdsteknologi

Bømlo kommune har inngått ny leigeavtale for velferdsteknologi. Dette er ein interkommunal samarbeidsavtale for sunnhordlandskommunane Bømlo, Fitjar, Kvinnherad og Stord.

Startskot for siste del av revidert Bømlopakke II

Vestland fylkeskommune er i samarbeid med Bertelsen & Garpestad og Norconsult no klare for å setja i gang med det omfattande vegprosjektet på Fv. 541 som er siste del av revidert Bømlopakke II. Prosjektet strekkjer seg frå Hestaneset til Sakseid og vidare til Ekornsæter og er forventa fullført i mars 2027.

Opningstider jula 2024

Her finn du våre opningstider for legekontora, helsestasjonen, Bømlo symjehall og seksjon for samfunnsutvikling jula 2024.

Jobbar for ei god og trygg overføring

Måndag 2. desember vedtok fleirtalet i Bømlo kommunestyre å leggja ned Foldrøy skule frå skuleåret 2025/2026 då dei vedtok Skulebruksplanen 2025-2031. - Det viktige no er å sikra ei god og trygg overføring både for elevane og dei tilsette, samstundes som me gjer vårt beste for å gi god informasjon til foreldra og bygda, seier kommunalsjef for oppvekst, kultur og idrett Torunn Laurhammer.

Trygge vaksne står øvst på ønskelista til barna

Barn ønskjer seg vaksne som oppfører seg som dei pleier, også under julefeiringa. Derfor oppmodar me alle i Bømlo kommune til å bruke alkovett saman med barn i jula.

Betre oversikt over kommunale planar

Bømlo kommune har no utvida sitt verkty Framsikt til også inkludera ein planmodul i tillegg til økonomimodulen. Planstrategi for perioden 20240-2030 er det første plandokumentet publisert i Framsikt.

Til toppen