Bømlo skulekorps

Me er skulekorpset for skulekrinsane Svortland, Meling, Rubbestadneset, Foldrøy og Gilje. Musikantane får undervisning på instrumentet sitt gjennom kulturskulen ein gong i veka, og er med på fellesøving ein gong i veka. Me byter på å øva på Svortland og Rubbestadneset skule. Målet vårt er at alle skal få utvikla seg musikalsk og oppleva speleglede i eit fellesskap med sunne interesser og godt kameratskap!

Kva er ditt instrument? 

Bømlo skulekorps er eit janitsjarkorps, det vil seia at me brukar både treblås-, messing- og slagverk-instrument. Korpset har gode instrument som musikantane får låna gratis så lenge dei spelar i korpset. Dei meste vanlege instrumenta i vårt korps er:

•    fløyte
•    klarinett
•    saxofon
•    kornett
•    trombone
•    euphonium
•    tuba
•    slagverk

Slagverk er kategorien for alt ein kan slå på for å laga musikk – trommesettet slik me kjenner det frå rock/pop, små ting som tamburin og triangel, store ting som pauker og gong, og melodisk slagverk som klokkespel og xylofon.

Aktivitetar

Me har to korps: ASPIRANT- OG JUNIORKORPSET er for dei yngste som startar å spela eit instrument. Ein kan starta utan noko musikalsk erfaring, og dei fleste startar gjerne når dei går i 2. eller 3. klasse. Når ein så har spelt ei stund og er moden for større utfordringar rykker ein opp til SENIORKORPSET. Her spelar me musikk som krever ein bra innsats for at det skal låta skikkeleg bra. Og når det blir bra er det ein fantastisk kollektiv opplevelse spela i korps!

Øving onsdagar kl. 17 for aspirantar og kl. 18 for seniorar. 

Korpset har to seminar i året, og deltek på 2–3 konkurransar. Elles har me konsertar i løpet av året, og deltek på tradisjonelle arrangement rundt jul og 17. mai. Me brukar å reisa på ein ekstra kjekk tur før sommaren.

Føresette kan gle seg over at dugnadsmengda er sterkt overdriven i myteforteljingar om korpslivet! Det er triveleg og meiningsfylt å bidra, og mengda er heilt overkommeleg!

Kva kostar det? 

Kontingent til korpset er 50 kroner i året. Korpset låner ut instrument av god kvalitet til alle medlemene – til og med trommesett!

Når me reiser på turar er kostnadane gjerne subsidiert av offentleg stønad og oppsparte midlar slik at det ikkje skal verta så dyrt for dykk. Eit døme er Danmarks-turen 2024 der eigenandelen er 2000 kroner (om lag 1/4 av faktisk kostnad).

Kontingen til kulturskulen er 4.230kroner i året. Alle som spelar i korpset går også i kulturskulen for å få individuell (eller gruppe-) undervisning på instrumentet sitt.

Det er rabattordningar for søsken eller dersom eleven går på fleire aktivitetar i kulturskulen. Det kan søkjast om friplass i Bømlo kulturskule når hushaldet si samla skattepliktige kapital- og person-inntekt er mindre enn 550.000 kroner. Meir detaljar om dette finn du her på kommunen sine sider.

Dirigent er Linn Jæger Espeland.

Styret består av Hans-Olav Molde, Ragnhild Selle Hopland, Kristin Økland Løkling, Solveig Nesse Hallaråker, Inger Djuve Aanderaa, Kathrine Nygård, Berit Hollund og Kathrine Halleraker. 

Ta gjerne kontakt om du har spørsmål! 
 

Til toppen