Regjeringa har i vår på høyring ny forskrift som vil gje alle elevar på 1.-3. trinn rett til gratis SFO plass med 12 timar pr veke. I Bømlo ligg denne kjernetida rett etter skuleslutt på alle barneskulane. Det kan kjøpast SFO plass for 4. trinns elevar i kjernetida. I tillegg kan det kjøpast morgontid på SFO frå kl 07:00 og ettermiddagstid på SFO fram til kl 16:00 på alle skular der det er påmeldt 12 eller fleire barn til desse SFO tidene. Dette er SFO tid der foreldrebetaling inngår i grunnlaget for drifta, og det er sett ei grense på 12 eller fleire barn for at eit slikt tilbod skal setjast i gong på skulane.
Søknadsportalen for føresette som har barn på 1.-4. trinn neste skuleår, er opna. Søknadsfrist er 1. april.
Ny opplæringslov frå 01.08.2024 stilte nye krav til lokale forskrifter. Denne forskrifta vil erstatta Bømlo kommune sine Vedtekter og plan for SFO i Bømlo.
Høyringsbrev SFO (PDF, 53 kB)
Forskrift om skulefritidsordninga ved barneskulane i Bømlo kommune (PDF, 79 kB)
Høyringsfrist er 2. mai 2025.
Digitalt innspel