Det er planar for å sikra drifta av Møteplassen til ungdomane ved gamle BUS.
Simon Knutsson Sortland
På sakskartet stod også ein ny områdeplan for Moster sentrum, nye reglar for idrettsanlegg, utbyggingsavtale på Serklau og kommunen sitt bidrag til NRK-aksjonen.
Saksliste og protokoll møte i formannskapet 03.09.2026
Eitt minutt stille for Kong Harald
Ordførar Morten Helland innleia møtet med å orientera om sørgjeperioden etter bortgangen til HM Kong Harald V. Han las eit utdrag frå minneordet kommunen har publisert på nettsida, før formannskapet heldt eitt minutt stille. Kommunale bygg flaggar på halv stong fram til gravferda 9. september.
Sikrar førebels drift av Møteplassen
Formannskapet drøfta om heile eller delar av gamle Bremnes ungdomsskule må stengja på grunn av tryggleik og vedlikehald. Teknisk drift kartlegg no kva reparasjonar som må gjerast og kva dei vil kosta.
Kommunedirektøren får fullmakt til å stengja heile eller delar av bygget. Samtidig opnar vedtaket for vidare drift av ungdomsklubben i den tidlegare vaktmeisterbustaden dersom risikoen kan reduserast til eit forsvarleg nivå og nødvendige tiltak kan finansierast. Saka går vidare til kommunestyret 21. september.
KPA på 2. gongs høyring i oktober
Fagansvarleg arealplan Renate Torkelsen orientert formannskapet om framdrifta i arbeidet med ny kommunedelplan sin arealdel - KPA.
Simon Knutsson Sortland
Fagansvarleg arealplan Renate Torkelsen orienterte om arbeidet med kommuneplanen sin arealdel (KPA). Planen er å leggja forslaget ut til 2. gongs høyring i formannskapsmøtet 15. oktober.
Prioriterer samla plan for Moster sentrum
Formannskapet støtta samrøystes å leggja områdeplanen for Moster sentrum inn som ei prioritert oppgåve i planstrategien fram mot 2030. Planen skal sjå utvikling av Teiglandshagen, omsorgsbustader, private bustadprosjekt, trafikk, teknisk infrastruktur og sentrumsfunksjonar i samanheng. Bakgrunnen er både behovet for fleire omsorgsplassar og ønskje om vidare bustadutvikling i området.
Utbyggingsavtale på Serklau
Formannskapet vedtok samrøystes utbyggingsavtalen mellom Bømlo kommune og Moster Eigedom AS. Avtalen gjeld etablering av fortau og utbetring av sikta langs Serklauvegen, og skal leggja til rette for vidare utvikling av industriområdet. Moster Eigedom skal betala eit anleggsbidrag på om lag 1,7 millionar kroner, medan kommunen får ansvar for å gjennomføra tiltaka. Kommunestyret skal ta endeleg stilling til avtalen.
Nye reglar for tilskot til idrettsanlegg
Formannskapet støtta samrøystes den nye statlege forskrifta for tilskot til bygging og rehabilitering av anlegg for idrett og fysisk aktivitet. Forskrifta erstattar dei tidlegare føresegnene for spelemidlar og stiller strengare krav til kommunal prioritering av anlegg. Samtidig fell moglegheita bort for velforeiningar, grendalag og burettslag til å søkja direkte om tilskot til nærmiljøanlegg. Administrasjonen vil i haust informera lag og organisasjonar om dei nye krava.
Administrasjonsutvalet og formannskapet sitt første møte etter sommarferien.
Simon Knutsson Sortland
Gir 25 000 kroner til TV-aksjonen
Formannskapet vedtok samrøystes å gje 25 000 kroner til årets TV-aksjon «Saman for menneske på flukt». Inntektene går til Flyktninghjelpen. Innsamlingsdagen er 18. oktober. Bømlo frivilligsentral vil også i år organisera den lokale aksjonen i kommunen.
Uro for svakare inntekter
Økonomisjef Sindre Halvorsen peika i si orientering frå kommunedirektøren på at rekneskapen var i balanse ved utgangen av juli, men den ordinære drifta hadde eit meirforbruk på 15,4 millionar kroner. Prognosen viser eit meirforbruk på 20,5 millionar kroner for året. Han er i tillegg uroa for at inntektene frå Havbruksfondet kan bli mellom 10 og 20 millionar kroner lågare enn budsjettert. Dersom dette slår til, kan kommunen få eit negativt driftsresultat i 2026.
Økonomisjefen orienterte også om fleire investeringar og byggeprosjekt. Våge skule er den største investeringa i planperioden. Kommunedirektøren vil koma tilbake til prosjektet i arbeidet med budsjettet og økonomiplanen. Kommunen arbeider med ei løysing for nye kontorlokale til Barne- og familietenesta der det vert vurdert å leiga lokale i sentrum.
Nytt pasientvarslingsanlegg og sokkelbustadar
Ved Bømlo bu- og helsesenter er arbeidet med eit nytt pasientvarslingsanlegg i gang. Planen er å ferdigstilla anlegget i november 2026. Investeringa har ei kostnadsramme på 6,2 millionar kroner utan meirverdiavgift, og kommunen har søkt om 3,4 millionar kroner i tilskot. Den årlege driftskostnaden er venta å bli om lag éin million kroner. Kommunedirektøren peika på at systemet kan gi gode gevinstar for drifta.
Kommunen legg også til rette 12 bustader i sokkelen ved Bømlo bu- og helsesenter for bebuarar med større hjelpebehov. Prosjektet har ei kostnadsramme på 16 millionar kroner. Engelsen og Leirvik AS har fått kontrakten, og planen er å starta arbeidet i september.