Brustenging i kveld/natt

Bømlabrua vert stengd i kveld/natt fredag 25. oktober frå klokka 22.00 til ca. 02.00 med inntil 1 time om gangen. Det vil bli to stenginger med start kl. 22.00. Når stenging nr. 2 vert er usikkert, men operatøren reknar med å vere ferdig til kl. 02.00.

Vil samla helsestasjonstilbodet

- Det er viktig framover å sikra ei forsvarleg drift og like godt tilbod for alle som nyttar seg av helsestasjonstilbodet i Bømlo. Tilbakemeldingar frå helsetenestene over tid og utfordringar med legerekruttering tvingar fram ei samanslåing av våre tre helsestasjonar.

Kommuneoverlege Anne Marit Særsten Halvorsen og leiande sjukepleiar Liv Turid Steinsbø Halbmayr meiner ei samanslåing av tilboda på Langevåg, Moster og Svortland vil bidra til å sikra at sikre at alle innbyggjarar, spesielt barn, får eit likt tilbod og redusera risikoen for feil.

to damer ved inngang helsestasjon - Klikk for stort bileteKommuneoverlege Anne-Marit Særsten Halvorsen og leiande helsesjukepleiar Liv Turid Halbmayr Steinsbø vil sikra eit forsvarleg og likeverdig helsestasjonstilbod for alle i kommunen. Simon Knutsson Sortland

Rekrutteringsvanskar

– Dette er ei endring som har pressa seg fram, og som det er viktig å få snarleg på plass. Me har over tid hatt utfordringar med å rekruttera legar, og det er ikkje lenger mogleg å tilby eit godt nok tilbod i distrikta. Det gjer seg utslag i at kvaliteten varierer mellom helsestasjonane. Å samla alt på ein stad gjer at me kan sikra lik behandling og tilbod for alle, seier Halvorsen. 

Ho forklarar at det er stort sett helsesjukepleiarar som utfører det alle meste av helsestasjonskontrollar, men i tillegg har helsestasjonslege faste kontrollar frå barnet er seks veker til det er to år. På Bremnes helsestasjon har dei i tillegg til lege og sjukepleiar fysioterapeut, ergoterapeut, familievegleiar og jordmor. Fleire skifter av legar i den seinare tid har ført til vanskar for å sikra at tilbodet vert like godt i distrikta som sentralt. På grunn av nedgong i barnefødslar, har helsestasjonslege Moster/Langevåg gradvis over år hatt reduksjon i barnekontrollar.

Endring i tilbod vil medføre at alle helsestasjonskontrollar i Bømlo vil gå føre seg på Bremnes helsestasjon. Dette vil gjere at helsesjukepleiarar vil ha fagstøtte i kvarandre i ein arbeidskvardag og at helsestasjonslege er meir tilgjengeleg. Samlokalisering av helsestasjonskontrollar vil også gje større mengde barnekontrollar for helsestasjonslegane og dermed auka kompetanseheving. Dette gjer endå betre kvalitet på oppfølging og tilbod for barna. Helsestasjonslegane vil kunne etablere eit fagnettverk og vil kunne arbeide betre for kompetanseutvikling og å auke kvaliteten på tenestene. Slike fagnettverk vert opplevd som trygt og kan vere rekrutterande og stabiliserande for nye legar. 

- Det å jobba som helsestasjonslege er noko ganske anna enn å vera fastlege, fortel Halvorsen. På helsestasjon får du sett alle barna i kommunen og ein er ein viktig arena for å oppdage sjukdom og skade. Det er viktig å ha eit trent personell til å gjere dette. Når me manglar faste legar, vil mei ikkje klara å kvalitetssikra tilbodet slik me treng, understrekar ho.

Samla på Bremnes helsestasjon

Mor og barn i leik inne - Klikk for stort bileteMor og barn i leik ved Bremnes helsestasjon. Simon Knutsson Sortland

- Mange frå Moster og Langevåg må allereie i dag reise til Svortland for enkelte kontrollar, sidan lege og jordmor er stasjonert her. Derfor vil ei samling av tilbodet på Svortland ikkje føre til store endringar for desse brukarane, fortel leiande sjukepleiar Liv Turid Steinsbø Halbmayr. 
Ho legg til at dette vil også vere ein stor fordel for helsesjukepleiarane som no jobbar åleine på Langevåg og Moster som vil å få fleire kollegaer rundt seg. Dette vil ikkje berre auke kunnskapen, men også styrke kvaliteten på tenestene. Helsestasjonsarbeid er viktig førebyggande arbeid, og det bør vere ei stabil personalgruppe som følgjer opp dette.Det vert såleis ikkje ei nedbemanning då ressursane frå Moster og Langevåg blir flytta til Svortland.

Fordelar og ulemper

Endringa for familiane vil vere at dei vil møte opp på Bremnes helsestasjon i staden for lokalt. Dei vil få eit meir heilskapleg tilbod og vil få anledning å møte andre. For nye foreldre og tilflyttarar kan ein slik møteplass vere viktig som sosialt treffpunkt. For sårbare familiar vil ein utvida tilbod om heimebesøk. Skulehelsekontrollar vil som no følgje anbefalingar om å utførast ute på skulane, og skjer saman med helsesjukepleiar frå skulehelsetenesta.

- For brukarane vil det bli enklare å halde oversikt. Dei som tidlegare måtte ha kontrollar både lokalt og på Svortland, vil no få alt samla på ein plass. Dette vil også skape eit større nettverk på helsestasjonen, til dømes for barselgrupper, seier Steinsbø Halbmayr.

Ho legg til at dei er klar over utfordringa med transport, spesielt for dei som ikkje har eigen bil eller førarkort. Men her vil ein saman med dei aktuelle brukarane finne gode løysingar, forsikrar Steinsbø Halbmayr. Dette problemet er heller ikkje nytt sidan mange frå Moster og Langevåg også i dag må til Svortland for visse tenester. 

Politisk sak

Utval for levekår får saka Omlegging av drift for helsestasjon på bordet i sitt møte tysdag 3. september. Her går det også fram at tiltak om flytting av tenester vil bli evaluert fortløpande og ei heilskapleg evaluering vil gjerast innan 1. september neste år.

Helsestasjonen på Svortland er allereie klar for samanslåinga med tanke på plass, helsesjukepleiarar og legar.

Til toppen