Utsnitt av endra plankartBakgrunnen for reguleringsendringa er behovet for å etablere ei ny og meir føremålstenleg tilkomstløysing til Hovlandshagen næringsområde. Endringa omfattar både Detaljregulering for utviding av industriområde i Hovlandshagen, gnr. 53, bnr. 73 m.fl. (PlanID 201207) og Detaljregulering for fiskerihamn i Hovlandshagen, gnr. 53, bnr. 53 m.fl. (PlanID 201307), og inneber i hovudsak regulering av ny tilkomstveg, etablering av mellombels tilkomstveg, justering av byggjegrenser og mindre oppdateringar av plankart og føresegner.
Den nye vegløysinga skal bidra til ei tryggare og meir oversiktleg trafikkavvikling i området. Samstundes legg endringa til rette for stegvis utvikling av næringsområdet ved at ein kan nytte ein mellombels tilkomstveg fram til permanent veg er etablert. Det er også gjennomført fleire tekniske og planfaglege justeringar for å sikre betre samanheng mellom dei to reguleringsplanane.
Det er utval for areal og samferdsel som har vedtatt endringa av detaljreguleringane. Vedtaket vart gjort i møte den 12.10.2026 i sak PS 36/26.
Det er mogleg å klaga på vedtatt endring. Frist for å klaga på endringa er 14.11.2026.
Klager kan sendast på papir til:
Bømlo kommune, Arealbruk,
Rådhuset, Leirdalen 1,
5430 Bremnes
Eller på e-post til:
postmottak@bomlo.kommune.no
Er du misnøgd med vedtaket av reguleringsplanen, så kan du klaga til oss.
Klagefrist
- Fristen for å klaga er tre veker frå du fekk vedtaket. Klagen må vera postlagt før fristen går ut.
- Dersom du ikkje har fått vedtaket, så er fristen for å klaga tre veker frå du blei kjent med vedtaket eller burde ha skaffa deg kjennskap om vedtaket.
- Sjølv om du sender inn klagen for seint, kan me i nokre tilfelle etter ein konkret vurdering likevel behandla klagen. Klikk her for å sjå forvaltningslova om å klaga på vedtak etter fristen.
Kven kan klaga
- For at me skal behandla klagen din, må du vera part i saka eller ha rettsleg klageinteresse.
- For at du skal vera part i saka, må vedtaket retta seg mot deg, eller direkte gjelda deg.
- For at du skal ha rettsleg klageinteresse må du ha ei tilknyting til saka. Du kan òg ha ei rettsleg klageinteresse om du ha ei viss tilknyting til saka. Dette gjeld naboar, gjenbuarar, bebuarar i nærområdet, velforeiningar og interesseorganisasjonar der saka råkar eigedomen fysisk (sol, luft, lys og skuleveg) eller økonomisk (konkurranseforhold og verdinedgang). Om du har rettsleg klageinteresse vurderer me i kvart enkelt tilfelle.
Slik klagar du
- Klagen må vera skriftleg og sendt til oss som eit vanleg brev eller e-post.
- Du må skriva at dette er ein klage.
- Du må skriva kva vedtak du klagar på, til dømes saksnummer eller namnet på saka det gjeld.
- Du må skriva kva tilknyting du har til saka, til dømes at du er nabo eller næringsdrivande i området.
- Du må grunngje kvifor du klagar, og du må skriva tydeleg korleis du ønskjer at vedtaket skal bli endra.
- Dersom du har ny informasjon som ikkje er omtalt i saka før, er det viktig at dette blir lagt saman med klagebrevet.
- Klagen må vera underskriven av deg eller din fullmektig, til dømes advokat.
- Dersom du vil be om at gjennomføringa av tiltaket blir stoppa til klagen er avgjort, må du leggja ved ei eigen grunngjeving for dette (utsett iverksetting av vedtak).
Kvar sender du klagen
- Klage på e-post sender du til: postmottak@bomlo.kommune.no
- Klage per brev sender du til: Bømlo kommune v/Arealbruk, Leirdalen 1, 5430 Bremnes
Klageinstans
Statsforvaltaren er klageinstans på vedtak etter plan- og bygningslova. Du sender klagen din til kommunen som deretter handterer den vidare.
Saksbehandlingstid
Klagen din blir vurdert av administrasjonen og deretter lagt fram for kommunestyre for handsaming. Me skal behandla klagen frå deg snarast råd og utan ugrunna opphald.
Aktuell lov
Klikk her for å lesa meir om klage og klagerett i forvaltningslova