Kva vaksiner er tilrådd
Influensavaksine
Influensa kan mellom anna føre til alvorleg lungebetennelse og forverring av mange kroniske sjukdommar. Influensasesongen startar normalt frå november. Det er ofte ein topp av influensatilfelle rundt jul og nyttår. Influensaviruset endrar seg heile tida, og vaksina er tilpassa desse endringane kvart år. Frå du tek vaksine går det 10-14 dagar til forventa effekt. Anbefalt vaksinering er frå oktober til desember, men ein har nytte av vaksinasjonen så lenge det er influensa i omløp.
Koronavaksine
Koronaviruset endrar seg gradvis og effekt av vaksine avtek med tid. Ein treng difor oppdaterte vaksiner årleg. Koronavirus ser vi har smittetoppar fleire gongar gjennom året, og vaksine anbefalast risikogruppene årleg. Denne tilbydast årleg ved massevaksinering. Nyleg gjennomgått covid-19-infeksjon gjer god beskytting dei første månadane. Har du fått bekrefta covid-19-infeksjon, kan du vente i 3-4 måneder med å ta ny oppfriskingsdose.
Pneumokokkvaksine
Pneumokokkbakterien kan gje alvorleg lungebetennelse. Effekt av vaksine avtar med tid, og vaksine anbefalast kvart 6 år.
Kvar og når kan du vaksinere deg?
Personar i risikogruppene som bur eller oppheld seg i Bømlo kommune kan møte opp på massevaksinasjonsdagar. Personar tilhøyrande Moster legekontor kan avtale tid med legekontoret tlf. nr. 53 42 33 80 for å få vaksina sett der. Personer utanom risikogruppene kan ta vaksina hos private helseaktørar og på apotek.
Har du spørsmål kontakt Helsestasjonen på tlf. 53 42 33 37 eller på e-post: Vaksine@bomlo.kommune.no
Drop-in vaksine
BREMNES: I gamle Bremnes ungdomsskule
Tysdag 22.10 kl. 14.30 -19.00
Fredag 25.10 kl. 09.00–14.30
Torsdag 31.10 kl. 14.30–19.00
Tysdag 5.11 kl. 09.00–12.00
Tysdag 12.11 kl. 09.00-12.00
Torsdag 21.11 kl. 09.00–14.30
LANGEVÅG: Langevåg legekontor + helsestasjon
Torsdag 24.10 kl. 09.00-14.00
Tysdag 29. 10 kl. 11.00-14.00
ESPEVÆR: Espevær skule
Tysdag 29. oktober kl. 09.00-10.00
MOSTER:
Dei som har fastlege på Moster legekontor kan ta kontakt med legekontoret tlf. 53 42 33 80 for timeavtale.
Prisar
Influensavaksine kr 250,-
Pneumokokkvaksina kr 500,-
Koronavaksine Gratis
Betaling skjer med kort eller Vipps
Kven bør vaksinera seg
Influensavaksine (årleg):
- Bebuarar i omsorgsbustader og sjukeheimar
- Personar over 65 år
- Gravide i 2. og 3. trimester. Gravide i 1. trimester med annan tilleggsrisiko (vurdert av lege)
- Premature barn, særleg barn fødd før veke 32 i svangerskapet, frå 6 månader til 5 år.
Barn og vaksne med:
o kronisk lungesjukdom (inkludert astma)
o hjarte- og karsjukdom (anna enn velregulert høgt blodtrykk)
o diabetes type 1 og 2
o leversvikt eller nyresvikt
o kronisk nevrologisk sjukdom eller skade, spesielt personar med nedsett lungekapasitet
o nedsett immunforsvar som følgje av sjukdom eller behandling av sjukdom
o svært alvorleg fedme (KMI over 40)
o annan alvorleg og/eller kronisk sjukdom der influensa utgjer ein alvorleg helserisiko, etter individuell vurdering av lege
I tillegg tilrås influensavaksine til
- Helsepersonell og andre tilsette i helse- og omsorgstenesta som har nær kontakt med pasientar ved behandling eller pleie.
- Personar som bur saman med (eller er tilsvarande nære) immunsupprimerte
- Svinerøktarar og andre som har regelmessig kontakt med levande griser.
- Saneringspersonale og andre som jobbar med mistenkt eller stadfesta influensasjuk tamfugl.
Koronavaksine (årleg):
- personer over 65 år inkludert sjukeheimsbebuarar
- personer mellom 18-64 år som inngår i ei risikogruppe
- ungdom mellom 12-17 år med alvorlig grunnsjukdom.
- barn 6 måneder–11 år med alvorlig grunnsykdom, vurderast av lege
- Gravide i 2. og 3. trimester. Gravide i 1. trimester med annan tilleggsrisiko (vurdert av lege)
Pneumokokkvaksine (kvart 6 år):
- Personar over 65 år.
- Personar med nedsett immunforsvar som følgje av sjukdom eller behandling av sjukdom
- Vaksina er også anbefalt ved fleire kroniske sjukdommar vurdert av lege.
- Personar som gjennom yrke har auka risiko for smitte som laboratoriepersonell og personar som eksponerast for sveiserøyk.
Influensavaksine til barn
Barn med tilleggslidingar kan få meir alvorleg forløp av sjukdom og kan også få forverring av sin grunnsjukdom om dei får influensa. Dei er difor tilrådd influensavaksine frå dei er 6 månader. Barn må ha to dosar viss dei vaksinerast for første gang før dei er 10 år
Alle vaksiner kan gjevast samtidig forutan for sjukeheim- og omsorgsbebuarar der det må gå ei veke mellom koronavaksine og influensavaksine.
Gode råd mot influensasmitte
Om vinteren er det ekstra viktig å skjerpe eigne hygienerutiner for å unngå å bli smitta av sesonginfluensa. Det viktigaste vernet mot alvorleg sjukdom er vaksine. I tillegg bør du:
- Avgrensa kontakt med smitta personar.
- Vask hendene grundig og ofte, spesielt når du har vore stadar med mange menneske og før måltid. Vask med vann og såpe eller hånddesinfeksjon med sprit.
- Unngå å ta deg til munn, nase og auge med uvaska hender når du er ute blant folk.
- Du kan bruke munnbind ved direkte kontakt med andre som er sjuke.