Ungdom ved roret – oppstartsamling 2024

Dei siste fire åra har Bømlo ungdomsråd og Ungdommens kommunestyre Askøy vore saman på ei oppstartsamling i starten av skuleåret. «Ungdom ved roret» starta som ein del av eit folkehelseprosjekt, kor medverknad i frå barn og unge var ein sentral del. Dei siste to åra har prosjektet vorte finansiert gjennom Erasmus+Ungdom som gjev støtte til ungdomsstyrte prosjekt. 

gruppe av ungdom rundt bord og storskjerm - Klikk for stort bileteWorkshop om break the fake – falske nyheitar. Johanne Kristiansen

På oppstartsamlinga er det ungdommar som er ved roret. Det betyr planlegging av program og innhald i forkant av samlinga. Dette skjedde delt i dei to kommunane og gjennom felles teamsmøter kor me snakka om korleis me skulle gjera det og kven som kunne ta ansvar for kva.  Det er ungdom som leiar gjennom programmet,  held føredrag, innlegg og fortel om prosjekt dei har jobba med eller har vore med på det siste året.

Workshops

Andre dagen var det ulike workshops som ungdommane kunne velja mellom og her var faktisk ein av workshopane ikkje leia av ungdommar, men av to lokalpolitikarar som snakka med ungdommane om korleis dei best mogleg kan vera med å påverka politikken og politikarane. Dette var faktisk det einaste programinnslaget, der vaksne hadde regien, resten av tida var det ungdommar frå Bømlo og Askøy som gjorde jobben. 

Det er vaksne med på samlinga, men oppgåva deira er å hjelpe til der ungdommane ønskjer det, vera trygge vaksenpersonar og ordne med reise, hotell etc og elles å vera medreisande medan ungdommen tek styringa. Det er plass til 80 ungdommar i frå dei to kommunane og påmeldinga har skjedd gjennom reklame på skulane, via elevråda på skulane og gjennom eigeinitiativ i frå dei som ønskte å vera med. 

Den 19.september starta med bussturen på Bremnes og tok turen saman til Flesland, kor me traff deltakarane i frå Askøy på hotellet kor me var dei neste to dagane. Programmet er lagt opp til tider i plenum for alle deltakarane, gruppearbeid, tid kor dei to kommunane jobbar kvar for seg og litt beinstrekk og moro innimellom. Sidan me var på hotell skal heller ikkje god mat som ein viktig del av opphaldet gløymast. Denne gongen var det og laga t-skjorter til deltakarane, slik at dei kan drive litt reklame for samlinga vidare slik at det er endå fleire som har lyst til å vera med neste gong. 

Vil ha møteplassar

Tilbakemeldingane i frå ungdommane som var med på seminaret er veldig gode. 99% av dei var nøgde eller svært nøgde med samlinga totalt sett og 92% var nøgde eller svært nøgde med innhald og tema for samlinga.  Det var få som hadde negative tilbakemeldingar og tvert imot synest dei fleste som kommenterte det at det aller meste hadde vore bra. 

På samlinga snakkar ungdommane om kva tema dei meiner Bømlo ungdomsråd skal jobba med det neste året og også dette året var det stor semje om temaa psykisk helse og rus, transport og møteplassar for ungdommar. Dette er tema som både styret for ungdomsrådet og arbeidsgruppene som kjem i gong om kort tid skal arbeida vidare med. Arbeidsgruppene er også opne for fleire ungdommar som har lyst til å engasjera seg og i det kommande året skal desse gruppene samlast på Gamle BUS så langt det let seg gjera. 

Noko av det siste som blei gjort på samlinga, var å velja leiar og nestleiar for ungdomsrådet for det kommande året. Det var heile 6 kandidatar til leiarvervet og 7 til nestleiarvervet
Ny leiar blei Alis Natterøy (16) som er elev ved Bømlo vidaregåande skule og i leiarteamet får ho med seg den tidlegare leiaren Bjarte Tjensvoll Notland som nestleiar. Også han er elev ved Bømlo vidaregåande skule. 

Sjå sida til Bømlo ungdomsråd


 

Til toppen