Brustenging onsdag 30.10 kveld/natt

Bømlabrua vert stengd kveld/natt onsdag 30. oktober mellom klokka 22.00-02.00. Litt uvisst kor lenge, men det vert to løft så operatøren reknar med å vere ferdig ca. kl. 02.00. 

Tunge saker opp i kommunestyret

Store og krevjande saker skal handsamast i kommunestyremøtet måndag 23. september. Lovlegkontroll av vedtak om sjukeheimstilbod, omlegging av drift av helsestasjonen og planstrategien for Bømlo kommune med meire står på dagsorden.

Møteinnkalling og saksliste til kommunestyremøtet 23. september 2024

Før sjølve møtestart vert det presentasjon av Ungdataundersøkinga ved SLT-koordinator John Henrik Staveland-Sæter og presentasjon av nytt Ungdomsråd og deira arbeid ved rådgjevar folkehelse og frivilligheit Johanne Kristiansen og det nye ungdomsrådet.

Sjå kommune-tv direkte

Formannskapet og utvala for levekår og utval for areal og samferdsle har gjort sine innstillingar til vedtak i kommunestyret. Her finn du artiklar frå møta i:

Formannskapet - møteinnkalling og protokoll 5.9.24

Utval for levekår - møteinnkalling og protokoll 3.9.24

Bømlo fiskerihamn i Open talarstol

I forkant av møtet i kommunestyret 23. september ber Endre Barane (Ap) under Open talarstol om tre svar frå ordførar Morten Helland om Bømlo fiskerihavn. Spørsmåla er: Kan ordføraren gi ein status på kor langt samarbeidet med Karmsund Havn er kome, og eventuelt kva konkrete planar som ligg føre? Kan ordføraren informere om kven som er tenkt å betale dei 22,5 millionar kronene som er naudsynte for å ferdigstille den offentlege kaien i Bømlo Fiskerihamn? Kan ordføraren informere om samarbeidet med verksemdene i Langevåg som starta Bømlo Fiskerihamn, status og vegen vidare? 

Alle personar som er busette i kommunen kan stilla spørsmål til ordføraren, kommunestyret eller einskildmedlem av kommunestyret. Spørsmåla må gjelda kommunale forhold og være av ålmen interesse for kommunen sine innbyggjarar. Open talarstol er eit verkemiddel for å styrkja interessa for lokaldemokratiet. 

Styringsgruppe for skulebruksplanen

Utval for levekår vert styringsgruppe for arbeidet med skulebruksplanen om kommunestyret går inn for kommunedirektøren sitt framlegg. Bømlo har ein skulebruksplan som gjeld for perioden 2014-2025. Arbeidet med rullering av planen vart gjennomført i 2021-2022, men i det politiske vedtaket i juni 2022 vart forslaga til endring ikkje vedtekne.  Målet var då å laga ein skulestruktur som hadde berekraftige kostnadar for drift av grunnskulane, og at mest mogleg av midlane som går til skule skulle nyttast til å styrkja innhaldet i skulen. Arbeidet med rulleringa var grundig og det var ei omfattande involvering og medverknad frå alle aktuelle interessentar. 

I kommunestyrevedtaket 17. juni i sak 35/24 fekk kommunedirektøren mandat til å setje i gong ein prosess tidleg hausten 2024 for å greie ut aktuelle endringar i skulestruktur. Bakgrunnen er kommunen sin økonomiske situasjon kombinert med demografiske endringar framover. Oppdaterte tal for elevar i Bømloskulen viser ein tydeleg nedgang i elevtalet dei neste åra og dermed reduksjon i rammeoverføringar til skuledrift. Dette må få følger for skulestrukturen. Målet med denne prosessen er å kome fram til ein plan som kan handsamast i desember 2024. Planen vil difor ha ein kortare prosess med høyringsfrist 15. november. Den vil i stor grad byggja på det omfattande utgreiingsarbeidet som vart gjort sist. Planen har også ein kortare tidshorisont og kan dermed byggja på meir kjende tal på elevar i skulane.

Sjå tidslinje for arbeidet med skulebruksplanen 2024

Siste kontrakt tildelt i Bømlopakken

Vestland fylkeskommune har tildelt Bertelsen og Garpestad AS kontrakten for vegprosjektet Hestaneset – Sakseid – Ekornsæter. Tilbodet frå Bertelsen og Garpestad AS var på 470 924 579 mill.kr. (eks.mva). Den nye fylkesvegen er den siste puslebiten som bind saman aksen frå nord til sør i Bømlopakken. - Får vi til å starte arbeidet så snart som mogleg, så reknar vi med at fortau til Våge skule vil stå ferdig tidleg i 2025, seier John Nordseth Nesse, prosjektleiar for Bømlopakken i Vestland fylkeskommune. Før arbeidet startar i marka, vil fylkeskommunen i lag med entreprenøren arrangere folkemøte for bygda, naboar og andre interessentar.

Meir informasjon om dei to siste prosjekta i revidert Bømlopakke

Referat frå sist møte i Kontaktutvalet Bømlopakken finn du i meldingssak 25/24 i kommunestyremøtet 23. september 2024.

Fast busetjing i fritidsbustad

I utval for areal og samferdsle 4.9.24 var mellom anna saka om fast busetjing i fritidsbustad på dagsorden. Utvalet innstiller slik til kommunestyret:

Det kan søkjast om mellombels dispensasjon frå gjeldande plan om bruksendring frå fritidsbustad til heilårsbustad, jf. plan- og bygningslova §19-3. Slike søknader vil følgje vanlege saksbehandlingsreglar i samsvar med plan- og bygningslova og kommunen sitt delegasjonsreglement. Dispensasjon føreset at det vert meldt flytting til Bømlo kommune i Folkeregisteret. Dispensasjon kan  berre gjevast i regulerte hyttefelt/område regulert til fritidsbustad. Dispensasjonen skal vere knytt til heimelshavar/brukar av bygget, og kan ikkje overdragast ved arv eller sal av eigedommen. I slike tilfelle vil fritidseigedommen utan nærare varsel framleis vere å sjå som ein fritidsbustad.
Dispensasjonsvedtaket må ha med følgjande vilkår:

  • Fritidsbustaden skal ha innlagt vatn og straum
  • Avlaupsløysinga skal tilfredsstille krav til einebustad
  • Eigar har ansvar for at tilkomsten skal vere vinterbrøyta, og at tilkomsten ikkje vert knytt til stengt bomveg
  • Fritidsbustaden skal vere underlagt same krav til feiing og tilsyn som i ein heilårsbustad
  • Kommunale avgifter skal betalast i forhold til bruk, dvs. at ved mellombels bruksendring skal det betalast gebyr som for einebustad
  • Fritidsbustad med mellombels dispensasjon til bustad skal nytte same renovasjonsordning som før
  • Tiltaket skal evaluerast
Til toppen