Brustenging onsdag 30.10 kveld/natt

Bømlabrua vert stengd kveld/natt onsdag 30. oktober mellom klokka 22.00-02.00. Litt uvisst kor lenge, men det vert to løft så operatøren reknar med å vere ferdig ca. kl. 02.00. 

Treningstilbod for personar med Parkinsons

Bømlo kommune har eit treningstilbod leia av ein fysioterapeut i gruppe forpersonar med Parkinsons sjukdom.

Både forsking og erfaring viser at fysisk trening og aktive tiltak har ein positiv verknad på sjukdomsforløp og symptom, betrar balanse, ganghastigheit, styrke og kroppshaldning. I tillegg aukar trening sirkulasjon, som hjelper medisinar i å bli transportert og koma fram der dei skal fungera. 

Dessutan fremjar rørsle av mage/rygg fordøyinga, som ofte blir treig grunna både sjukdomen og medisinar. Viss du som har Parkinsons sjukdom eller parkinsonisme trenar og held deg i aktivitet, blir du betre i stand til å meistra utfordringane i kvardagen og få best mogleg livskvalitet. 

Ta kontakt med ergo- og fysioterapitenesta på tlf. 53 42 33 42 for å melda ønskje om å bli med i gruppa.

Sjå heile På døra veke 40 (PDF, 2 MB)

Om prosjektet På døra

Tema i veke 40 på informasjonsskrivet På døra som postboda leverer ut til eit utval personar over 67 år i Bømlo kommune er treningstilbod for personar med Parkinsons. I tillegg er det informasjon om ein del aktivitetar som skjer denne veka retta inn mot denne målgruppa. I samarbeid med Posten Bring AS vil Bømlo kommune halda fram pilotprosjektet me starta opp i august i fjor med å testa ut ein ny måte å informera om aktivitetar målgruppa kan delta på.  I tillegg vil informasjonen innehalda andre aktuelle lokale og nasjonale tema. Omlag 500 innbyggjarar over 67 år i kommunen er tilfeldig plukka ut som testmottakarar. 

Til toppen