Tenk brannførebygging

- Røykforgiftning er den største årsaka til dødsfall i brannar. Difor er det lurt å ha tenkt gjennom kva ein skal gjere og korleis ein skal kome seg ut om det byrjar å brenne, fortel leiar for brannførebygging Bjørn Hroar Sortland i Bømlo brann og redning.

mann held presentasjon føre storskjerm - Klikk for stort bileteAvdelingsleiar brannførebygging Bjørn Hroar Sortland orienterer om brannårsaker og førebygging. Simon Knutsson Sortland

Han understrekar at brannførebygging i heimen er særs viktig, og at det er mykje ein kan gjere for å sikra heimen.

Husbrannslange

Det er mange ulike hjelpemidlar å ha i heimen, som seriekopla røykvarslarar i alle rom, brannslukkingsapparat, brannteppe, komfyrvakt, tidsinnstillar på kaffitraktaren, brannstige med meire. Ein husbrannslange kan for mange vere enklare å bruka enn eit brannslukkeapparat.

Viktige tips er å aldri forlata elektrisk utsyr som er i bruk som til dømes vaskemaskin, tørketrommel o.l. Det same gjeld sjølvsagt  levande lys. Kanskje bruk batterilys i staden for?- Det viktige for folk å tenkje på er sin eigen helsetilstand. Korleis kan du sikra heimen slik at du ikkje møter hindringar om det byrjar å brenne, til dømes ein stol som blokkerer terrassedøra.

Sortland peikar også på at det er mykje god informasjon å henta om ladevettreglar og branntrygging i heimen.

Kontakt: Brannførebyggjar/feiar Tlf.  917 14 199

Lær meir på sidene til Bømlo brann og redning

Sjå heile På døra veke 19 (PDF, 716 kB)

Om prosjektet På døra

Tenk brannførebygging er tema i veke 19 i informasjonsskrivet På døra som postboda leverer ut til eit utval personar over 67 år i Bømlo kommune. I tillegg er det informasjon om ein del aktivitetar som skjer denne veka retta inn mot denne målgruppa.

I samarbeid med Posten Bring AS vil Bømlo kommune halda fram pilotprosjektet me starta opp i august i fjor med å testa ut ein ny måte å informera om aktivitetar målgruppa kan delta på.  I tillegg vil informasjonen innehalda andre aktuelle lokale og nasjonale tema. Omlag 500 innbyggjarar over 67 år i kommunen er tilfeldig plukka ut som testmottakarar. 

Til toppen