Tek ikkje saka om BOT opp på ny

Kommunestyret avslo kravet om å ta saka om sjukeheimstilbod og heimetenester opp til ny handsaming med 15 mot 12 røyster. Vedtaket som vart gjort 17. juni 2024 vert dermed ståande. 

Kring 120 personar møtte opp i kommunestyresalen for å få med seg ei eventuell gjenopptaking av BOT-saka. Skjermdump kommune-tv

Saka har naturleg nok skapt eit enormt engasjement, og kommunestyresalen var fullsett med omlag 120 tilhøyrarar under sakshandsaminga i kommunestyret måndag kveld. I tillegg fulgte 1437 saka direkte på kommune-tv.  Ei god demokratisk markering der ikkje minst det høge talet av ungdomar som stilte imponerte. Interpellasjonen var innsendt av Anne T.  Johannessen (FrP) på vegne av mindretalet i kommunestyret. Dei meiner vedtaket i sak 38/2024 om sjukeheimstilbod og heimetenester (mandat 42) handsama 17. juni 2024 er basert på vesentlege manglar. 

Kommunestyre-tv 10.02.2025

Notat frå advokatfirma

Det er advokatfirmaet Eurojuris Haugesund AS som har gått gjennom kommunestyrevedtaket frå 17. juni 2024. Advokatnotatet hevdar at den mangelfulle utgreiinga gjorde at det folkevalde organet ikkje hadde heile biletet då vedtaket vart fatta, og var heller ikkje merksame på feil og manglar i utgreiinga. Kommunedirektøren har ikkje gjort det folkevalde organet merksam på sentrale og viktige faktiske forhold ved iverksetjinga av vedtaket, går det fram av dette notatet.

Kommunedirektøren skriv i si grunngjeving for framlegget til vedtak mellom anna at: «Den politiske saka fremja for kommunestyret den 17.06.24 har ei grundig utgreiing. Det låg føre omfattande bakgrunnsinformasjon som følgde saka som vedlegg. Det er i tillegg svara ut på ei rekke spørsmål i samband med behandling av saka og i ettertid av vedtaket. Det vart sett fram krav om lovlegkontroll den 05.07.24 som har vore handsama av Statsforvaltaren der denne stadfestar at ein «finn at Bømlo kommunestyre sitt vedtak i sak PS 37/2024 er lovleg».

Avrøystinga vart gjort ved namneopprop og resultatet synte at fleirtalet stod på sitt. Dette var i tråd med kommunedirektøren sitt framlegg om at dei grunngjevingar som går fram av interpellasjonen ikkje bring fram nye og vesentlege moment som gir grunnlag for å ta saka opp på ny.

Møteinnkalling og protokoll kommunestyremøte 10. februar 2025

Stram balansegang

Venta negativt driftsresultat for 2024 er no rundt 28 millionar kroner. Rekneskapen skal vere klar og sendt til Statsforvaltar 22. februar. Kommunen kan bli ROBEK-registrert dersom meirforbruket overstig 3% av driftsinntektene. Med eit negativt driftsresultat på 28–29 millionar og 12,2 millionar frå 2023, ligg kommunen på om lag 3,1%, noko som kan føre til registrering.

- Sjølv om det framleis er nokre usikre faktorar, er risikoen stor for ROBEK-registrering frå 2025. Me vil drøfta dette med Statsforvaltar og undersøkja moglegheitene for å unngå registrering, sidan økonomiplanen viser at me kan kome oss ut av ROBEK tidleg i planperioden, opplyste kommunedirektør Kjetil Aga Gjøsæter mellom anna i si orientering til kommunestyret. 

Det er likevel håp om betre økonomi framover. Førebels driftsrapport for januar viser at tiltaka som vart sett i verk i 2024 verkar økonomisk, og at skattetala for starten av året er gode. I tillegg vil likviditeten til kommunen bli vesentleg betra som følge av KLP sin avkasting, noko som vil redusera kommunen sine kostnadar til renter og pensjon. 

Reduserer til fem valkrinsar

I tråd med Valstyret sine innstillingar vedtok fleirtalet i kommunestyret å redusera tal valkrinsar til fem der Meling, Gilje og Folderøy går ut. Dei fem valkrinsane blir Hillestveit, Våge, Moster, Rubbestadneset og Svortland. Grunngjevinga er mellom anna gode tilhøve for førehandsrøysting som stadig fleire veljarar nyttar seg av, og sparte kostnadar ved organisering og gjennomføring av valet. Eit mindretal på ni representantar ville behalda dagens ordning. Valdagen er måndag 8. september 2025.