Takka våre folkevalde med snopekake

Våre øvste folkevalde fekk ei smakfull og vel fortent klapp på skuldera av Tove Stavland under dagens kommunestyremøte - ei stor snopekake! 

mann med kakebrett - Klikk for stort bileteOrdførar Morten Helland med snopekake gitt til oppmuntring for kommunestyrereoresentantane. Simon Knutsson Sortland

- Eg er nok like enig og uenig i vedtaka dykkar som mange andre. Men eg vil takke dykk for all jobben de legg ned. Ein samfunnsdugnad me alle er avhengige av. De fortener ein klapp på skuldera og ein takk. Stå på vidare, skriv Tove Stavland mellom anna i sitt følgjebrev til kaka.

Ein svært takksam ordførar Morten Helland takka for den hjartevarmande og mettande snopekaka frå den driftige eigaren av Kafe'dn i by'dn Tove Stavland.

Demokrati og ytringsfridom

Dette er heller ikkje snakk om smøring, då Stavland ikkje har nokon saker som skal opp i kommunestyret. Ho ynskjer berre å slå eit slag for demokrati og ytringsfridom som er viktige prinsipp for ho.  

- Demokrati er å jobba for at dine meiningsmotstandarar skal ha rett  til å kjempa for sine idealer og ha rett til å ytra seg. Me lever i eit tastaturvelde, og det å ytra seg og stå for sine meiningar fører til mykje kjeft og “juling” i kommentarfelta.  Me er nok mange som synes de gjer ein god jobb, men me er ikkje like flinke til å kommentera, skriv Stavland i si helsing.