Sprekkferdig stolte og takksame

Brukarar, pårørande og tilsette ved Bømlo bu og helsesenter (BBH) har endeleg fått ein etterlengta uteplass. Fredag kunne ei særs glad verksemdsleiar Monica Smedsrud invitera til offisiell opning av Sansehagen - ein oase i kvardagen.

prydbusk og store sjakkbrikker i uteområde - Klikk for stort bileteFlott prydbusk og sjakk i storskala i Sansehagen. Simon Knutsson Sortland

Den nye sansehagen var smekkfull av brukarar, pårørande, tilsette og arbeidsfolk som har vore med å realisere den praktfulle uteplassen til Bømlo bu og helsesenter som fredag vart offisielt opna då leiar Jørgen Søvold i Utval for levekår klyppa snora. - Dette er eit flott område som vil vere til glede i mange år, gratulera med dagen, sa utvalsleiaren.

Arv og gåver

 - Denne sansehagen er mogleggjort først og fremst grunna ei stor arv testamentert frå Jon Birkeland, gåver frå brukarar, pårørande og Bømlo demensforening. Bremnes kvinne- og familielag har gitt oss benker og bord. Fronta har teikna området, Steintøft har laga flotte murar og vegar, og Moster Elektro har stått for lyssettinga. Me er imponert over alle, og kan berre takka med å gi dei heider, ære og evig takksemd, sa ei rørt verksemdsleiar Monica Smedsrud.

Ho innleia med at dei var sprekkferdig stolte over å endeleg få syne fram noko som har stått på BBH si ynskjeliste i mange år. Det er ein menneskerett å få frisk luft, sjå blomar og kjenne sola i andletet frå start til slutt i livet. No har brukarar, pårørande og tilsette fått ein flott plass å oppleva dette og få røra på seg. Det gir god livskvalitet.

- Me har valgt å gi ein blom til avdeling for teknisk drift ved leiar Vardan Vardanyan og hans folk som har lagt ned ein stor eigeninnsats. Vardan har prosjektert og planlagt løysingar og vore ein stor inspirator heile vegen, sa Smedsrud. Vardan kvitterte med å dela all æra med sine folk.

Kommunedirektør Kjetil Aga Gjøsæter og kommunalsjefane Kjell Magnar Mellesdal og Tone Stavland stilte seg også i gratulasjonskøen. Smilande tilsette med Smedsrud i spissen serverte så kaffi og kaker på dei frammøtte i solskinsvêret.

Til toppen