Søk barnehageplass innan 1. februar

Hugs fristen laurdag 1. februar for søknad om hovudopptak til barnehageplass.

Plassane som vert fordelt ved hovudopptak er med oppstart frå 15. august. For å ha lovfesta rett til barnehageplass må ein søkja innan fristen 01.02.2025 og følgjande kriteria må vera innfridd:
• Barnet må vera fylt eitt år innan utgangen av november
• Det må vera søkt om plass innan 1. februar
• Barn som fyller eitt år innan august  har rett til plass i løpet av august månad
• Barn som fyller eitt år i september, oktober og november har rett til å få plass innan utgang av den månaden dei fyller eitt år.

Retten til plass er oppfylt når de har fått tildelt plass i ein barnehage i Bømlo kommune. I tillegg til hovudopptaket kan ein søkja barnehageplass heile året. Barnehagane tek då inn born etter kvart som dei har ledig plass. 

Søknad om barnehageplass vert gjort elektronisk. 

Meir informasjon og søknadsskjema Barnehage

Til toppen