Brustenging i kveld/natt

Bømlabrua vert stengd i kveld/natt fredag 25. oktober frå klokka 22.00 til ca. 02.00 med inntil 1 time om gangen. Det vil bli to stenginger med start kl. 22.00. Når stenging nr. 2 vert er usikkert, men operatøren reknar med å vere ferdig til kl. 02.00.

Skulebruksplanen skapar engasjement

Kommunestyresalen var fullsett då kommunedirektør Kjetil Aga Gjøsæter og kommunalsjef for oppvekst, kultur og idrett Torunn Laurhammer informerte om skulebruksplanen 2025-2031 torsdag 3. oktober. Planen er no ute på høyring med innspelsfrist 15. november.

Skulebruksplanen 2025 lagt ut på høyring

kvinne har presentasjon med storskjerm - Klikk for stort bileteKommunalsjef for oppvekst, kultur og idrett Torunn Laurhammer orienterte om innhaldet i skulebruksplanen 2025. Simon Knutsson Sortland

Kommunedirektør Kjetil Aga Gjøsæter opna med å ynskja alle velkomen og takka for det store engasjementet som er viktig i eit lokaldemokrati. Han oppmoda alle til ein sakleg og god debatt, og om å syna respekt for våre folkevalde i kommunestyret som må gjere tøffe prioriteringar framover. Gjøsæter peika på generelle samfunnstrendar som bakgrunn for endringane me no må gjennom, i hovudsak færre ressursar, hardare debattklima, fleire eldre og færre unge, og redusert tilgang på arbeidskraft med færre i arbeidsfør alder. Han orienterte også om kommunen sin vanskelege økonomiske situasjon, men framheva ein del moment som gjer bømlosamfunnet rusta til å møta desse utfordringane på ein god måte.

Gode skular og flinke tilsette

Kommunalsjef for oppvekst, kultur og idrett Torunn Laurhammer har bakgrunn som lærar i bømloskulen og som lokalpolitikar. Ho understreka at Bømlo har gode skular med flinke tilsette som gir borna våre eit godt fagleg og sosialt miljø. Dette gjeld også dei skulane det er føreslege endringar for. Skulebruksplanen er ei trimming av organisasjonen slik at me får ein berekraftig skule framover. Laurhammer orienterte om kva, kvifor og korleis i skulebruksplanen. Ho oppmoda også alle om å framsnakka bømloskulen, om dei føreslegne endringane vert vedtekne eller ei.

Kommunalsjefen la vekt på at dette er administrasjonen sitt forslag som no alle, ikkje minst elevane og dei tilsette, skal få gje sine innspel til i løpet av dei komande seks vekene planen ligg ute på høyring. Alle innspel som kom inn ved forrige rullering i 2022 følger også denne planen. Kommunestyret får planen til endeleg handsaming 2. desember. Om endringane som er føreslegne vert vedteke, vil ein då få rimeleg tid til å sikra ein god overgang for både elevar og tilsette.

Til slutt vart det opna for spørsmål frå salen. Her kom det spørsmål om skyssordninga, kor mykje ein eigentleg sparar når ingen skal seiast opp og om det vert ei mogleg reversering av vedtaket dersom elevtalet endrar seg meir positivt enn prognosane tilseier. Nokre vart svara ut, medan andre vart vist til å stilla desse spørsmåla i innspelsrunden.

sal med mykje folk og storskjerm foran - Klikk for stort bileteFull sal og fleire spørsmål under informasjonsmøtet om skulebruksplanen 2025. Simon Knutsson Sortland
Til toppen