Kommunalsjefane Kjell Magnar Mellesdal og Torunn Laurhammer orienterer utval for levekår 3.9.2024.
Simon Knutsson Sortland
Før møtestart presenterte SLT-koordinator John Henrik Staveland Sæterresultata frå Ungdata-undersøkinga 2024 for utvalet. Han avrunda med at ungdomane i Bømlo stort sett har det bra og har framtidstru.
Fakta og kommunikasjon
I førre skulebruksplan vedteken i juni 2022 var bakgrunnen kommunedelplan med planprogram og tidkrevjande prosessar. Målsetnaden då var å skapa større økonomisk handlingsrom for å frigjera midlar til læringsmidlar og tiltak. I skulebruksplanen for 2024 er det kommunen sin pressa økonomiske situasjon og demografiutvikling som ligg til grunn. Grunna tidsplan og ynskje om å få snarleg effekt vert det ein enklare planprosess på skulebruksplanen i haust, men som likevel ivaretar krav til planarbeid og høyring.
- Denne planen er basert på faktatal meir enn prognosar, men vil nytta beslutningsgrunnlaget frå førre plan. Det vert større fokus på barns beste-vurdering og kvalitative element. Kommunikasjonen med elevar, tilsette, foreldre og publikum vert veldig viktig, og det vonar eg alle har i tankane når diskusjonane kjem, sa Laurhammer mellom anna.
Ho synte til elevtalsutvikling før ho la fram tidsplanen for arbeidet. Utval for levekår får informasjon om planutkastet i 1. oktober og den 4. oktober vert utkast til plan sendt på høyring fram til 15. november. Endeleg vedtak vert gjort i kommunestyret 2. desember. I motsetnad til sist plan vert det ikkje folkemøter i kvar skulekrins, men eit større felles informasjonsmøte før høyringa den 3. oktober.
Samlar helsestasjonane
Omlegginga av drifta for helsestasjonane på Langevåg, Moster og Svortland er av kommunedirektøren tilrådd samla på Bremnes helsestasjon. Debatten dreia seg om helsefaglege råd og sentralisering. Utvalet tilrår med 7 mot 2 røyster at kommunestyret vedtek denne omlegginga. Det var lite diskusjon kring statusrapporten for Handlingsplan helse, sosial og omsorg 2023-2024.
Ny opplæringslov tredde i kraft 1. august i år og stiller krav om lokale forskrifter på fleire område. Utval for levekår tilrår kommunestyret å vedta nye forskrifter for permisjonsreglement og skulereglar, samt forskriftsfesta nynorsk som hovudmål i Bømlo-skulane. Dei tilrår også at Bømlo ungdomsråd kan utvida medlemstalet frå 12 til maks 13 der eit medlem kan veljast som representant for andre vidaregåande skular eller for lærlingar tilsette i bømlobedrifter.
Økonomi og folketalsvekst
Før ordinær sakshandsaming hadde Laurhammer og kommunalsjef for helse og omsorg Kjell Magnar Mellesdal orientering om drifta. Driftsrapporten til og med juli viser eit meirforbruk på 23 millionar kroner der prognosen for året er 20 millionar kroner. Sjukefråveret er framleis høgt gjennom første halvdel av 2024 med snitt på 6-7 prosent. Skulane merkar allereie nedskjeringane ved reduksjon i rammetimetal. Innan helse er meirforbruket i hovudsak knytt til habiliteringstenesta, legetenesta og institusjonane. Ein forventar eit auka meirforbruk utover hausten også på NAV grunna auke i flyktningmottak og økonomisk sosialhjelp.
Folketalet på Bømlo veks framleis der me etter første halvår i 2024 tel 12.301 innbyggjarar i kommunen. Vår del av rammetilskotet frå Staten vil bli litt lågare enn om me hadde hatt same folketalsveksten som landet. Det har vore ein god oppstart av det nye skuleåret med 134 førsteklassingar på skulane våre med 1086 elevar i barneskulen og 550 i ungdomsskulen – til saman 1636. Elevtalsutviklinga i Kulturskulen er framleis god.
Bømlo kommune har vedtatt å ta imot 60 flyktningar i 2024 og per dato er 48 av desse busette. Over 70 private bustader vert i dag leigd til flyktningføremål. Psykisk helse har starta opp kurs «Rask psykisk helsehjelp». Det er planlagt ein open dag i oktober med konferanse om temaet «Bu trygt heime». Kurs i fallførebygging er starta opp i haust og kurs for brukarar med Parkinson vil starta opp om kort tid.
Møteinnkalling og protokoll møte i Utval for levekår 03.09.2024