Skal du starte pop-up butikk?

Om sommaren kan det vere aktuelt å starte med pop-up butikkar med sal av ulike sjølvlaga produkt eller andre varer som berre skal vere for eit kort tidsrom. Men vil du selge matvarer og/eller drikke som kan nytast på staden må du sjekke om du må ha serveringsløyve.

Dei mest aktuelle unntaka i Lov om serveringsvirksomhet (serveringsloven) er i denne samanheng punkt a. og g. i lova sitt andre ledd.  Lova gjeld ikkje for: a. servering som ikkje skjer i næring, g. serveringsstader som blir drivne av lag, foreiningar o.l., der føremålet med serveringa utelukkande er å skaffe inntekter til drift av laget, foreininga og liknande.

Kjem du ikkje under desse to punkta eller er usikker på om du treng serveringsløyve, ta kontakt med kommunen på 53 42 30 00

Til toppen