Kommuneoverlege Anne Marit Særsten heldt føredrag på treff for 75-åringar i kommunestyresalen.
Bømlo kommune
Desse treffa har tema bu trygt heime, helse og livsglede, korleis halde seg frisk og aktiv, branntryggleik og fritid og friviljugheit. I tillegg får du informasjon om fysisk aktivitet, samt konkrete døme på styrke- og balanseøvingar som er relevante for denne aldersgruppa.
Gode tilbakemeldingar
Det var 24 påmelde for fyrste samling. Tilbakemeldingane blant dei oppmøtte var svært gode. Fleire sa dei hadde fått ny kunnskap og friska opp tema som er viktige å ta stilling til.
Rehabiliteringskoordinator Solrunn Mæland Jensen ved tenestekontoret synte døme på grep ein kan gjere for å gjere heimen tryggare, og kommuneoverlege Anne Marit Særsten Halvorsen illustrerte endringar som skjer i kroppen, og forklarte kva konsekvensar dette kan ha for den einskilde. Innlegget frå brannforebyggar Bjørn Rhoar Sortland er alltid godt motteke, der han fortel om korleis ein bør trygge eigen heim mot brann.
Det vart servert lunsj og kake. Dei frammøtte meinte det burde vore mange fleire på treffet då det var såpass interessant, og det var sågar enkelte som sa dei ynskte å komme igjen på oppsamlingsdagen.
Meld deg på
Dette er framleis mogleg. Du kan melde deg på neste samling i kommunestyresalen torsdag 30. april kl. 10.00-14.00 (for alle fødd 1951 eller 1950).
Me oppmodar så mange som mogleg i målgruppa til å koma. Du kan ta med seg partner/ektefelle på samlinga, men dette må meldast frå om ved påmelding
Påmelding til rådgjevar folkehelse og frivilligheit Johanne Kristiansen
e-post: Johanne.Kristiansen@bomlo.kommune.no
Mobil: 453 82 642