Brustenging i kveld/natt

Bømlabrua vert stengd i kveld/natt fredag 25. oktober frå klokka 22.00 til ca. 02.00 med inntil 1 time om gangen. Det vil bli to stenginger med start kl. 22.00. Når stenging nr. 2 vert er usikkert, men operatøren reknar med å vere ferdig til kl. 02.00.

Ser til Bømlo

Rana kommune har ein botnsolid kommuneøkonomi og deira visjon er å bli Norges grøne industrihovudstad – framtida er fornybar. Etter tilråding frå Vestland fylkeskommune vitja dei Sunnhordland og Bømlo for å høyra korleis me driv med næringsutvikling i regionen og kommunen.

mann held powerpoint føredrag i eit møterom - Klikk for stort bileteUtviklingssjef Simon Nesse Økland i Bremnes Seashore orienterte gjestene frå nord om konsernet og korleis dei jobbar. Simon Knutsson Sortland

“Venture North ved styringsgruppa og Team Kommune reiser på studietur til Vestlandet for å få inspirasjon til sitt strategiske arbeid. Under studieturen vil vi få innsikt i samhandling, verdikjedeutvikling og tilrettelegging for næringsutvikling. Vestlandet ligger i front på arbeid innen sirkulærøkonomi, hydrogen, havbruk, fiskeoppdrett, biogass og karbonfangst”, heiter det frå programmet.

I brodden for den nord-norske delegasjonen for Rana utvikling (RU), som er Rana kommune sin næringsetat, var kommunedirektør Robert Pettersen. Han hadde med seg nestleiar Annfrid Olsen i RU, næringsleiar Eli-Anne Hauknes i Lurøy kommune og bygdeutviklar Marit Valla i Hemnes kommune. 

Programmet starta på Stord med orienteringar frå mellom andre næringsutviklingsselskapet Atheno, prosjektet Invest in Sunnhordland og biogassverksemda Renevo. Dagleg leiar Lars Solberg orienterte om oppstarten og vidare planar for Bømlo fiskerihavn i Hovlandshagen. Dagleg leiar Lars Solberg i Bømlo fiskerihamn orienterte om oppstarten og vidareutviklinga av området i Hovlandshagen.  

Næringsutvikling og samfunnsbygging

Kommunedirektør Kjetil Aga Gjøsæter tok deretter delegasjonen med seg over bruene. På rådhuset vart dei møtt av ordførar Morten Helland og utviklingsdirektør Simon Nesse Økland i Bremnes Seashore. Her orienterte Nesse Økland om råstoff til ferdig produkt - ei global verdikjede og om Bremnes Seashore si verksemd, deira visjonar og strategiar. Ordføraren orienterte deretter om kommunen si rolle som tilretteleggjar for næringsliv, planar og strategiar i kommunen.

- For Bremnes Seashore er det viktig å skapa arbeidsplassar og byggja lokalsamfunnet. Me har eit godt samarbeid med kommunen, og me finn løysingar saman. Det same kan ikkje seiast om staten. Alt er for byråkratisk og treigt, og det er ei stor utfordring for oss, sa Nesse Økland. Han orienterte om heile verksemda med alt frå smolt til ferdig merkevarer som Salma og Bömlo, samarbeid med landbruk og forskingsinstitusjonar - alt for å skapa levedyktig og lønsam verksemd til gode for selskapet og samfunnet.

- Bømlo har eit breitt næringsliv med mange «bransjebein» å stå på. Dette er ein unik styrke for næringslivet og kommunen vår, seier ordførar Morten Helland. Han peika også på viktigheita av å satsa på infrastruktur som veg, kraft og vatn. 

Vidare orienterte han om korleis Bømlo kommune jobbar, og kor viktig samarbeid med næringsliv, skule og fylkeskommunen har vore og er i dag. Utfordringar med å tiltrekkja seg arbeidskraft og kor viktig det då er å ha eit kultur- og fritidsliv som tiltrekkjer seg nye og får folk til å bli her. Det same med å ta vare på dugnadsinnsats og frivilligheita som mogleggjer store løft som t.d 1000-årsjubileet på Moster.

Like utfordringar

Sjølv om Rana kommune har Nord-Norges 3. største by og solide vasskraftinntekter, har dei mange av dei same utfordringar som Bømlo kommune. 

- Langdryge politiske og reguleringsmessige prosessar og tilgang på arbeidskraft slit også me med. Me har for tida mykje kraft, men på sikt vil me få kraftproduksjonsproblem, fortel kommunedirektør Robert Pettersen. Kommunen satsar stort gjennom RU på infrastruktur som flyplass, djupvasskai og ein stor industripark for å nærma seg visjonen om å bli Norges grøne industrihovudstad. Neste stopp var Bergen og Vestland fylkeskommune med besøk til oljeraffineriet på Mongstad.

Delegasjonen lot seg imponere over det tette og gode samarbeidet Bømlo har med Vestland fylkeskommune, både kva gjeld infrastruktur (særleg veg) og næringsutvikling. Gjestene sa seg også imponerte over kva folk har fått til her i kommunen, og det gode samarbeidet mellom kommune og næringsliv. 

- Me skulle gjerne hatt meir tid til å vise dei både kommunen, tenestene våre og latt andre delar av næringslivet fått presentert seg, seier kommunedirektør Kjetil Aga Gjøsæter

gruppe menneske fotografert utanfor kommunal murbygning - Klikk for stort bileteRana utvikling vitja Bømlo for å læra om korleis oppdretts- og næringsutviklinga føregår her. ordførar Morten Helland (t.h), kommunedirektør Robert Pettersen (t.v) i Rana kommune, næringsleiar Eli-Anne Hauknes i Lurøy kommune, bygdeutviklar Marit Valla i Hemnes kommune, dagleg leiar Lars Solberg i Bømlo fiskerihamn og nestleiar Annfrid Olsen i Rana utvikling. Simon Knutsson Sortland
Til toppen