Brustenging onsdag 30.10 kveld/natt

Bømlabrua vert stengd kveld/natt onsdag 30. oktober mellom klokka 22.00-02.00. Litt uvisst kor lenge, men det vert to løft så operatøren reknar med å vere ferdig ca. kl. 02.00. 

Samfunnsdelen ut på høyring

Kommuneplanen sin samfunnsdel 2024-2034 er no lagt ut på høyring og offentleg ettersyn med merknadsfrist 27. desember 2024.

framside på plan med bildecollage - Klikk for stort bileteFramsida til KPS 2024-2034 høyringsutkast vedteke av formannskapet.

Alle kommunar skal etter plan– og bygningslova §11-1 ha ein samla kommuneplan som består av ein samfunnsdel (KPS) med handlingsdel og ein arealdel (KPA). Formannskapet i Bømlo vedtok samrøystes måndag 28. oktober å leggja framlegget til samfunnsdelen av Bømlo kommune sin kommuneplan 2024-2034 ut på høyring og offentleg ettersyn.

Kommuneplanen sin samfunnsdel

Kommuneplanen består av to delar, ein samfunnsdel (KPS) og ein arealdel (KPA). KPS er eit sentralt styringsdokument for heile kommunen. KPS skal ta stilling til langsiktige utfordringar og halda fast mål og strategiar for samfunnet som heilskap og Bømlo kommune som organisasjon.  Saman med planstrategien, økonomiplan og strategi for eigarskap utfyller desse overordna planane kvarandre og må alltid sjåast i samanheng. KPS dannar grunnlaget og er førande for kommuneplanen sin arealdel, KPA, kommunedelplanar, temaplanar, verksemdsplanar, økonomi- og budsjett og reguleringsplanar.

Desse blir meir omtala og prioritert i planstrategien. (PDF, 966 kB) Dei årlege kommunebudsjetta skal vera KPS sin handlingsdel. 

Sjå Budsjett og velferdsplan

Her finn du Høyringsframlegget kommuneplanen sin samfunnsdel 2024-2034 (PDF, 5 MB) og trkte eksemplar ligg i Bømlo kommune sitt innbyggjartorg på Kulturhuset. 

Gje ditt innspel til KPS 2024-2034
 

Til toppen