Utvalet for levekår si tilråding om barnevernet til kommunestyret
1. Kommunestyret vedtek å vidareføra Bømlo kommune si deltaking i Sunnhordland interkommunale barnevernsteneste (SIB).
2. Kommunestyret vedtek konkrete tiltak med mål om betre samhandling og meir føreseieleg tilgjenge, slik at barn og familiar får rett hjelp til rett tid av rett teneste.
Tiltaka skal omfatta:
a. Fast og tydeleg kontaktpunkt for Bømlo, med avtalt tilgjenge (digitalt/telefon og fysisk etter fast rytme).
b. Rutine for tilbakemelding til offentlege meldarar innanfor teieplikta (mottak, vidare prosess og kontakt/rolleavklaring der dette kan opplysast). Innhente samtykke der det er mogleg når fleire tenester er inne og samhandling mellom desse er viktig.
c. Det skal etablerast og vidareutviklast ein førebyggjande plan i tråd med barnevernslova § 15-1, gjennom eit forpliktande samarbeid mellom Bømlo kommune og Sunnhordland interkommunale barnevernsteneste (SIB). Planen skal:
- tydeleggjera måla for det førebyggjande arbeidet
- visa korleis ansvaret skal fordelast mellom tenestene i oppvekstsektoren i Bømlo kommune og barnevernet
- skildra korleis etatane skal samarbeida
d. Standardisert overgangsrutine ved avslutting av barnevernssak og overføring til andre tenester, for å redusere «glippsoner».
e. Systematisk kompetanseheving om meldeplikt, bekymringsarbeid og samhandling i kommunen.
f. Vidareføring av referansegruppa for SIB med tydeleg fokus på elementa over.
g. Tiltaka for betre samhandling skal rapporterast på i tilstandsrapporten for barnevernet og status skal vera eit fast punkt i den politiske saka som vert skriven i samband med denne.
h. Det skal sikrast gode rutinar og tilstrekkeleg kompetanse om vald og overgrep mot barn med nedsett funksjonsevne. Målet er å sikra rett hjelp til rett tid, og å hindra at denne gruppa fell mellom to lovverk – barnevernslova og helse- og omsorgstenestelova.
3. Kommunestyret ber om at det vert gjennomført ei evaluering innan to år for å vurdera om måla for tiltaka i punkt 2 er nådde.